Hornnes I, Gards- og ættesoge

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Hornnes I, Gards- og ættesoge er ei bygdebok for Hornnes, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd i 1969. Forfattar er Olav O. Uleberg, men han kunne bygge på eit omfattande arbeid som fleire andre hadde samla inn. Mellom desse kan nemnast professor Torleiv Hannaas, rektor ved Hornnes landsgymnas Daniel Danielsen og lektor Jørgen Moseid. Boka er på 701 sider.

Arbeidet med boka tok til då Hornnes kommunestyre i 1924 valde ei bygdesogenemd. Så gjekk det altså av ulike grunnar 45 år før boka var ferdig. I eit intervju med Torbjørn Hansen, attgjeven i Jol i Setesdal (1969), fortel forfattaren Olav O. Uleberg mykje meir om korleis boka kom til. Mellom anna skipa bygdesogenemda til bygdesogekveldar for å samle inn pengar til arbeidet. Nemda arrangerte og gubbe-skirenn. Desse var svært populære. Ei kronerulling gav 800 kroner. Evje og Hornnes Sparebank ytte litt av og til, og heile 5000 kroner i 1968. Hornnes kommune løyvde 25.000 kroner til arbeidet medan Olav A. Fennefoss var ordførar, og - merkeleg nok - 5000 kroner under krigen. Bygdesogenemda mottok dessutan i tre år renteinntektene frå fuhrer Aavitslands legat.

Boka gir ei grundig utgreiing om alle gardane i Hornnes, 36 i alt, og bruka og husmannsplassane som låg under dei. For dei fleste gardane er opphavet til namnet nærare forklart, og det er gjort greie for fornminne som er funne på garden. For kvar gard er au slektene som budde på gardane rekna opp fram til 1960-talet.

Ut over dei reine faktaopplysningane om gardane, bruka og ættene, inneheld boka mykje kulturhistorisk stoff frå Hornnes-bygda.

Dei mange bileta i boka er det i hovudsak Alf Georg Kjetså som har stått for.

Kjelde[rediger]