Skaret (Evje og Hornnes gnr. 17 bnr. 7)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Skaret i dag.

Skaret er eit nedlagt småbruk på Kjetså i Hornnes. Bruket blei skild ut frå bnr. 5 på Øvre Kjetså i 1877 og seld av Åsmund Knutson Kjetså til Salve Nilsson Strøyman-Kjetså. Notto Galteland skal ha bygd det første setehuset. Uthuset blei bygd i 1911, av Jørgen Å. Kjetså («Jøren i Skaret») og Knut Salveson Kjetså.

Salve Nilsson og kona Mari budde på bruket frå 1877. Dei hadde seks born. Salve døydde i 1893. Mari måtte flytte frå bruket nokre år seinare. I 1905 fekk Asmund Knutson tilbake gardsbruket på auksjonsskjøte. I 1923 selde han eigedomen til sonen Jørgen.

Henrik Wiberg og kona Sigrid Knudine Simonsen leigde ei tid i Skaret. Truleg var det omkring 1908. Dei er forfedrane mellom anna til vegoppsynsmann Sigurd Wiberg i Evje og lærarinna Gunda RopstadMoisund. Gunda er kona til ordførar Bjørn Alfred Ropstad i Evje og Hornnes kommune.

Seinare, frå 1911 til 1923, budde Torborg Butveit og Svein Butveit i Skaret. Også dei må ha leigd staden.

Etter familien Butveit kom altså Jøren til Skaret. I 1954 bygde han nytt hus. Det er dette som står på staden i dag. Jøren døydde 23. mars 1971.

John N. Kjetså i Valhall i Hornnes har eigedomen i dag.

Kjelder