Breistøl (nye)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
«Nye» Breistøl ein vakker januardag i 2016. Kjetsåbrua framme til venstre i biletet.

Breistøl (nye) (Evje og Hornnes gnr. 16 bnr. 7) er ein stad og ein liten eigedom ved Fylkesveg 42 ved Kjetsåbrua over KjetsånaKjetså i Hornnes.

Historie[rediger]

Lars Nilsson Breistøl og Anna Jensdotter Breistøl budde på siste halvdel av 1800-talet på husmannsplassen Breistøl i Hornnes. Dei fekk 16 born saman der, og er opphavet til ei stor slekt på Kjetså og andre stader i landet. Først på 1900-talet flytta dei frå Breistøl. Dei budde ei stund på Skarkleiv på Kjetså. Rundt 1908 flytta dei til Hagan i Birkåsen, og blei buande der til 1922. Då bytta sønene Nils og Jens vekk rettane til den staden, mot hustuft og ein liten hage tett ved Kjetsåbrua. Den nye eigedomen gav dei namnet Breistøl etter «gamle» Breistøl der dei vaks opp.

Kjelder[rediger]