Kjetså gravfelt

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ein av rundhaugane i gravfeltet på Kjetså 11. oktober 2019.

Kjetså gravfelt ligg rett ved krysset Sveindalsvegen (Fv-42) og KjetsåvegenKjetså i Hornnes. I dag er det tre rundhaugar og to langhaugar i feltet. Ein rundhaug skal tidlegare ha blitt jamna ut under vegbygging. Opphaveleg har det såleis vore seks gravhaugar her. Alle haugane ser ut til å vere gravne i. Men dei er ikkje arkeologisk undersøkt av fagfolk. I kultursoga for Evje og Hornnes er det sagt at dei fleste gravhaugane i bygda truleg er frå folkevandringstida.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...