Fredagssending i Valle Radio 20111007
Hopp til navigering
Hopp til søk
Onsdagssending i Valle Radio 20111007 er ei side for programmet i Valle Radio fredag 7. oktober 2011. Ansvarleg var Ørnulf Hasla, teknikar var Torhild Sandnes og telefonvakter var Anna Rysstad og Bjørg Ragnhild Trydal Jansen.
Program:
18.00 Aktuell time
- Opptak med Annemor Sundbø
- Christer Helgesen, som er ny dagleg leiar på Coop Marked Valle BA (Valle handel), kjem i studio
19.00 Tankar frå Bibelen
- Bjørgulv T. Berg i samtale med Viggo Wilhelmsen mellom anna om hjelpearbeidet i Korint i Hellas, der han driv eit arbeid for sigøynere i samarbeid med ein kyrkjelyd der.
19.30 Setesdal Regionråd informerer
- Signe Sollien Haugå var i studio. Bjørn A. Ropstad var med på telefonen dei første minutta. Regionrådet er sett saman av ordførarar og varaordførarar i Setesdal, og Bjørn er einaste att etter kommunevalet 2011. Ein viktig sak har vore Riksveg 9. Bykle har vore inne med store midlar til dette og ordførar der, Kay Jeiskelid har hatt ein sentral rolle der. Evje og Hornnes har kome gjennom omstillinga på ein god måte, men regionen treng auke i folketalet, ikkje bare i Valle og Bygland, men og i Evje og Hornnes og Bykle. Bulyst og arbeidsplassar er sentrale omgrep i denne samanhengen. Det politiske miljø må samarbeide for å få dette til.
- Smaken av Setesdal er ei utstilling og eit hefte som vart laga til Naturligvis 2011 og som og vart brukt på Setesdalsgildet.
- Regionrådet legg til rette for å få til samarbeid i dalen. Kommunane bevilger 1,3 millionar kvar, og fylket bidrar og. Reiselivsatsinga har som mål å gjere Setesdal synleg.
- Helseprosjekt Setesdal er eit viktig satsingsområde. No jobbar Setesdal Regionråd med å lage eit utkast til ein avtale med sykehuset. Dette starta ein med no i haust, Wenche Tangene, som er jurist, jobbar med dette.
- Ny sjukepleiarutdannig prøver ein og å få i gang. Setesdal VGS og UiA er kontaktar.
- Samarbeid om arealplanlegging i kommunane.
20.00 Opptak frå forfattarkveld
- Med Gaute Heivoll og Paal-Helge Haugen
21.00 Open sending.
- I studio er Ronny Stavsholt og Kåre Rike
- Mail: post@valleradio.com
- Høyr Valle Radio på nett
- Følg oss og på Valle radio si Facebook side.