Naturligvis 2011

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Naturligvis 2011, også kalla Landbrukets dag, vart arrangert på Evjemoen 12.-14. august 2011. I programmet var det aktivitetar innan villmark som fiskedam, natursti, salsboder med jakt- og fiskeutstyr, miniklatreskog og ponniridning. Innan mat, landbruk og fritid var det bondens marked, konkurranse i melkespannhalding, saueklipping, karding, spinning. Det var og stor utstilling av landbruksmaskinar og to tematelt, eit som vart kalla bygdekvinnelagas desserttelt og eit som vart kalla bondens møteplass. For barn og ungdom var det natursti, spikking, kokkekurs, ponniriding, snkering av fuglekasse, dyr i alle storleikar, miniklatreskog frå Troll Aktiv, 4H med aktivitetar som hoppetaulaging, volleyball, filting, makrame og laging av te.

Program[rediger]

Fredag 12. august 2011[rediger]

  • 9.00 Kurs i brannvern, eiga påmelding
  • 14.00 Portane opnast med alle mattilbod
  • 16.00 Kulturinnslag
  • 18.00 Messa stenger

Laurdag 13. august 2011[rediger]

  • 10.00 Portane opnar med alle mattilbod
  • 12.00 Valkampopning
  • 13.00 Kokkekurs for barn ved Kokkelauget. Går kvar time utover dagen til 16.00
  • 13.00 Gjeterhundoppvisning
  • 14.00 Kustyling
  • 14,30 Demonstrasjon av brannsløkking
  • 15.00 Hovedtale ved fylkesmann Øystein Djupedal
  • 16.00 Politisk appell
  • 17.00 Kulturinnslag
  • 18.00 Messa stenger

Sundag 14. august 2011[rediger]

  • 10.00 Portane opnar
  • 12.00 Gudsteneste ved soknepresten
  • 12.00 Kokkekurs for barn ved Kokkelauget. Går kvar time utover dagen til 16.00
  • 12.00 Konkurranse i melkespannhalding
  • 14.00 Demonstrasjon av brannsløkking
  • 14.30 Kalvemønstring
  • 15,30 Premieutdeling, utdeling av ulike priar
  • 17.00 Messa stenger

Kjelder[rediger]