Tankar frå Bibelen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Tankar frå Bibelen er eit radioprogram i Valle Radio. Det varer ein halv time og er eit andaktsprogram. Programmet har vore med omtrent frå starten i 1997. Den fyrste tida hadde Harald Haugland ansvaret for programmet. Men etter kvart gjekk han ut av dette for å ta hand om Tysdagsprogramma i Valle Radio. Då tok Håvard Viki, Torleif B. Harstad og Bjørgulv T. Berg over i ein turnus som gjer at dei får ansvaret for ein kveld i månaden. Då Bjørgulv T. Berg vart pensjonist kom Torfinn Brokke med i turnusen.