Senumsund bru

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. desember 2012 kl. 12:45 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (meir fakta)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fylkesveg 305 går på Senumsund Bru over Otra

Senumsund bru er ei 140 meter lang bru over Senumsundet i Byglandsfjorden. Brua er ein del av fylkesveg 305 som går frå rundkøyringa på Byglandsfjord til Gullsmedmoen i Evje og Hornnes kommune.

Historikk

Fyrste kjerreveg i indre Agder kom i 1804, mellom Krossen i Hornnes og Gullsmedmoen. Denne kom i stand for å letta samferdsla framom alle fossane i Otra i dette området. Seinare, i 1844, vart kjerrevegen mellom Kristiansand og Valle ferdig. Denne gjekk her på austsida av Otra, og hadde ein stikkveg ned mot Senumsundet. På vestsida, på Gullsmedmoen, budde det folk som ma. dreiv med båtferdsle oppover Byglandsfjorden, heilt opp til Ose. Dei dreiv nok óg med ferjing over sundet her. Då dampbåten Dølen kom i drift i 1867, vart naturleg nok denne stasjonera på Gullsmedmoen den fyrste tida. Etter at Setesdalsbanen vart opna i 1896, vaks tettstaden Byglandsfjord fram, og samstundes kom ynskjet om ei bru over sundet. Men Senumsundet var for breitt til at dette let seg gjera med det fyrste.

Slik kravet om bru vart omtala i avisene

Senumsund bru må opp på vegbudsjettet meiner Hornnes heradstyre. Slik stod det å lesa i Fædrelandsvennen i 1951, og det var ikkje einaste gongen dåverande Hornnes kommune fremja dette kravet. I eit referat frå kommunestyremøte laurdag 28. juli 1951 var ynskjet om bru ei av sakene som var oppe: Til Aust-Agder vegkontor vart det send ei sterk oppmoding om no endeleg å få opp Senumsund bru på vegbudsjettet 1952-53 etter at ho har vore på tale i over 50 år.

Brukrav var valgsak. I eit politisk avisinnlegg i 1951 kom ma. innsendar O. T. med ei oppmoding: Av saker ein må gjera det ein kan for å få løyst, er bruspørsmålet over Senumsundet. Til dette har heradet avsett ein større sum.

Hornnes heradstyre vedtok i siste møte å fremje desse saker for fylkestinget i år: Søknad om tilskot til omlegging og bygging av nokre vegar, og om at det må bli sett av mest mogeleg med pengar til bru over Senumsundet. Samstundes blei det sendt oppmoding til vegkontoret at ferja ved Senumsund vart sett slik i stand at ho også kan nyttast for lastebilar. Denne oppmodinga kom i 1953, og fyrst i 1966 vart det bru over sundet. Ei motorisera ferje vart sett i drift så lenge, og den kunne take større bilar. Både denne og ferja ved Moisund var såkalla trekkferjer, som nytta ein wire festa på både elvebreidder.

Olav A. Fennefoss var med i den politiske styringa, og i 1956 uttrykka han seg vonbroten til avisa om korleis pengar til samferdsle vart prioritera. Den gongen var det mest om å gjera å få veg frå Åseral til Setesdal, frå Bortelid, Ånebjør og over heia til Tjønndalen og Langeid. Dette veganlegget har vore på tale mange gonger, nå seinast i desember 2012, då det vart tilrådd å venta endå lengre med denne veglina.

Fylkestinget prioritera veg, og ikkje bru i 1956: Olav A. Fennefoss, Hornnes, var lei for at hovudveganlegget med samanbindingsveg og bru over Senumsundet ikkje var kome med. Dette er eit krav frå 1896, som har vore avslått gong på gong. Ein gong var det avsett 10.000 kroner, men pengane blei nytta til andre føremål, sa Fennefoss, og bad om at brua måtte bli planlagt i sommar. Folk er mismodige nå. Vegsjefen: Det er desverre ikkje rådeleg å få opp nye anlegg nå. Dei som er i gang må fyrst gjerast ferdige, før ein går på nye. Fylkesmannen: Bru over Senumsundet står på planen frå 1948, og den vil koma i sin tur, utan å seie når det kan bli. Nå er det bygd ny ferje til Senumsundet og vegstubbane til ferja skal bli fylkesveg.

1959: Kompensasjonsveg for Setesdalsbanen, og bru over Senumsundet

Det gjekk rykter om at det ville koma bru over Senumsundet i samband med kompensasjonsvegen for nedlagt jarnbane. I eit lesarinnlegg, 14. jan. 1959, skreiv O. T. om stikking av veg: Frå Byglandsfjord og ut etter dalen har vegfolka i haust drive på med å stikke ny vegline, kompensasjonsveg for Setesdalsbana, vert det sagt. Det skal etter denne planen byggjast bru ved Byglandsfjord over Otra til Guldsmedmonen, vidare skal vegen gå langs vestsida av vegen til Evje, her vert det atter ei ny bru om lag ved Evje apotek....

Ein skjøna då at Setesdalsbanen ville bli nedlagt, men noko endeleg vedtak var ennå ikkje fatta. Men det var tydeleg at Aust-Agder vegvesen alt var i sving med førebuingar for tida etter banen. Og det visa seg at rykta var rette om bru over Senumsundet.

1962: Usemje om ny vegline mellom Hornnes og Byglandsfjord

Arbeidet med kompensasjonsvegen var alt i gong i Vest-Agder då Setesdalsbanen vart nedlagt 2. september 1962. Ulike syn og interesser ga mykje usemje om kor nyvegen og bruene skulle leggjast. Det var mykje tale om å leggje den nye setesdalsvegen på vestsida opp til Byglandsfjord. Dette måtte avklarast før ei bru over Senumsundet kunne byggjast. Verre for vegvesenet i begge fylka var avgrensa midlar til vegbygginga. Dette seinka arbeidet ein del, og i lesarbrev ga fleire uttrykk for dette.

I desember 1963 kunne ein lesa ein liten notis om vegprioriteringane til vegsjef Irgens i Aust-Agder: 1, Vegen Vest-Agder grense til Byglandsfjord. 2. Strekninga Byglandsfjord-Telemark. 3. Strekninga Flateland-Skafså. 4. Samband med Sørlandsbanen. 5. Bru over til Senum. Skulle Senumsund bru venta til det vart gul midtstripe til Haukeligrend, då hadde ein hatt trekkferje over sundet ennå.

1964: Bru over Otra ved Senum vil kosta 1 million kroner

Eit gamalt ynskje bru over Otra i Evje/Hornnes til avløysing av ferja, er nå innan synsvidde. Dette skreiv Fædrelandsvennen den 18. januar 1964. På oppmoding frå kommunestyret har vegsjefen i Aust-Agder nå planlagt og kostnadsreikna dette bruprosjektet. Etter melding som låg føre i siste kommunestyremøte vil ei bru med stålbjelkar og armert betongdekke kosta ein million kroner. Brua vert 970 meter lang og får ei køyrebane på 6 meter og må byggjast som fylkesveganlegg.

Kommunestyret hadde ikkje noko å merke til vegsjefen sine planar, og vedtok å takka han for rask handsaming. Då kommunestyret kjende til at kommunestyra i Hornnes og Bygland i fellesmøte hadde vorte samde om å ta kvar sin halvpart av utlegga til Senum bru, løyvde Evje/Hornnes kommunestyre i same møte samrøystes sin halvdel av dei utgiftene som fell på kommunane ved dette bruanlegget. Kommunestyret oppmoda samstundes vegsjefen om å gjera sitt beste for at Senum-brua vert førd opp på fylkesbudsjettet for 1965.

I juni 1964 hadde Fædrelandsvennen ein lengre artikkel om vegarbeidet i Setesdal, der prioriteringslista til vegsjef Johannes Irgens framleis var som nemnt ovafor. Brua over Senumsundet sto sist på lista, og hadde vorte utsett i påvente på å få denne brua inn som ein del av kompensasjonsvegen etter jarnbanen. Dette hadde ikkje lukkast, men vegsjefen hadde god tru på at brua kunne koma inn på fylkets vegbudsjett, og saman med kommunanes forskotteringar så meinte han at brua kunne verta ferdig i 1965.

Med tilførselveg over stasjonsområdet kunne ein førebels spara 50.000 kroner, etter vegsjefens ynskje. Men her låg det føre planar om eit stort ungdoms-, idrotts- og skulesentrum, difor ville Bygland kommune heller at tilførselvegen mellom Setesdalsvegen og brua vart gjort ferdig samstundes. Kommunen sa seg óg lei for at ikkje bruanlegget vart klassifisera som riksvegsprosjekt i samband med kompensasjonsvegen. Men dei retta ein takk til vegsjef Irgens for hans arbeid med brua, og tilbaud seg å yta ei rimeleg forskottering utover den parten som fall på Bygland kommune.

Og arbeidet kom også i gong, og gjekk for fullt i 1965. Hausten 1966 var brua og tilføringsvegane ferdige.

Sjå også

Kjelder

  • Oddmund Mogstad: Ferdselsvegar på vestsida av Otra mellom Fennefoss og Senum. Artikkel i Setesdølen nr. 36, 2000 side 10
  • Heradsnytt frå Hornnes, Fædrelandsvennen, 31. juli 1951.
  • Vegbygging er ei viktig sak, Fædrelandsvennen, 27. september 1951.
  • Hornnes bed fylket om veg og brupengar, Fædrelandsvennen, 13. januar 1953.
  • Aust-Agder tilrår veganlegget Bortelid-Helleren-Aanebjør, Fædrelandsvennen, 17. april 1956.
  • Ikkje før alle tretoppane er like høge, Fædrelandsvennen, 14. januar 1959.
  • Betre vegar i Setesdal meiner «Utvalet», Fædrelandsvennen, 4. desember 1963.
  • Bru over Otra ved Senum vil koste ein million kroner, Fædrelandsvennen 18. januar 1964.
  • Bro over Otra ved Byglandsfjord i 1965, Fædrelandsvennen, 3. juni 1964.
  • Bru over Senumsundet vert 50.000 kr. billegare ført over stasjonsområdet, Fædrelandsvennen, 17. juni 1964.

Kart

Laster kart ...