Tjønndalen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Tjønndalen turisthytte

Tjønndalen er ei lita turisthytte på ruta mellom Langeid og Gaukhei. Eigaren er DNT Sør, som tidlegare hadde namnet KOT, Kristiansand og Opplands Turistforening. Her kan ein overnatta om ein tykkjer det vert for langt å gå mellom Langeid og Gaukhei i eit strekk. Hytta er ubetjent.

Tjønndalen er ei gamal og verneverdig støylsbu, med innskrifter heilt frå 1856. Turistforeninga leigde bua mellom 1929 og 1944. Etter at turisthytta i Stakkedalen like ved gjekk over i privat eige, vart det inngått ein ny leigeavtale av Tjønndalen. Bua vart renovert i 2008, og har nå sengeplass til 8 personer.

Ein låst bomveg gjeng opp frå Langeid til Simdalen, på toppen av kleiva. Deretter kan ein fylgje ein anleggsveg frå krigens dagar vidare til Tjønndalen, i alt 7 km frå riksvegen. Mellom Tjønndalen og Gaukhei er det 15 km, der ein kan fylgje ein tydeleg og godt oppmerka sti.

Tjønndalen er ei koseleg hytte, 705 moh, og det er to andre hytter like ved. Ein kan også sjå spor etter anleggstida under krigen, då tyskarane ville byggja veg til Stavanger. Dei nådde berre Stakkedalen innan dei gav opp.

Kjelde

Galleri

Tjønndalen, sett mot Langeid
Foto: Reidar Tveito
Lita bu med plass til mange
Foto: Reidar Tveito

Kart

Laster kart...