Brukardiskusjon:Reidar T

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Velkommen!

Hei, Reidar T, og velkommen til Setesdalswiki.

Velkommen

Vi håper du vil like ditt opphold på Wikipedia. Ikke vær redd for å gjøre noe feil, det blir sannsynligvis rettet opp raskt.


--Harald Haugland 9. apr 2011 kl. 07:36 (CEST)

Takk for bilete

Takk for biletet du lasta opp av bua på Vide lega. Det løfta artikkelen om Vide lega mykje. Eit bilete seier ofte meir enn mange ord. --Harald Haugland 9. apr 2011 kl. 07:39 (CEST)

Ein del av den nyrestaurera Byklestigen
Foto: Reidar T.
Hei! Ser du har lasta opp fleire bilete :) Om du vil leggja dei inn sjølv, gjer du slik:
plasser muspeikaren på den staden du vil leggja inn biletet
trykk på den sjette knappen over redigeringsvindauget (den med eit innramma bilete)
då får du denna kodesnutten: [[Fil:Eksempel.jpg]]
I den snutten må du bytta ut Eksempel.jpg med namnet på biletet du vil ha inn, t.d. Byklestigen 1975.jpg
no ser det slik ut: [[Fil:Byklestigen 1975.jpg]], og det som du har att å ordna med er tre ting. Storleiken på biletet, teksten som seier noko om kva ein kan sjå, og eventuelt at du krediterast for biletet.
legg no inn ein stolpe rett etter .jpg (du finn han til vanleg på tasten til venstre for den med 1-talet på tastaturet) og skriv thumb etter den. Då får biletet ein fast storleik, det er fleire vis å gjera detta på, men detta er den enklaste.
etter thumb kjem ein stolpe til, føre du kan leggje inn teksten som fortel kva du har fotografert. No skal det du ha gjort sjå slik ut:
''[[Fil:Byklestigen 1975.jpg|thumb|Ein del av den nyrestaurera Byklestigen]]''
Hvis du vil krediteras, kan du no leggje inn {{byline|Reidar T.}} akkurat føre ]]
Sluttresultatet ser soleis ut: [[Fil:Byklestigen 1975.jpg|thumb|Ein del av den nyrestaurera Byklestigen {{byline|Reidar T.}}]]
Voner dette kan vera til litt hjelp :) Siri J 10. apr 2011 kl. 21:14 (CEST)

Kladdeside

Lenke til deg! Brukerdiskusjon:Reidar T/kladd 1. Siri J 13. apr 2011 kl. 12:30 (CEST)

Om innlegging av bilete

Tusen takk for bileta frå Ånebjør. Det er inspirerande å skrive når så flotte bilete dukkar opp.

For å unngå kollisjon mellom kart og bilete, legg eg bileta øverst i artikkelen. Om ein legg biletfilene under kvarandre, styrer programmet det slik at dei vert liggjande i høgre sida under kvarandre. Om ein legg bileta lenger nedover i teksten, kan det fort bli kollisjon mellom kart og bilete, og då kjem ikkje bileta til sin rett. Eg likar å ha karta litt store, slik at ein kan samanlikne med kjente stader utan å måtte flytte på kartet. --Harald Haugland 22. apr 2011 kl. 09:14 (CEST)

Hampetjønn

Eg vart svært glad då eg såg bileta frå Hampetjønn. Eg har lurt på dette nærmiljøanlegget etter at eg las om det i Setesdølen, og no får eg lese både om historikken og dagens situasjon og sjå talande bilete. Setesdalswiki tek til å verte det eg drøymde om. --Harald Haugland 1. mai 2011 kl. 00:08 (CEST)

Fånefjellstunnelen

Ei nydeleg historie frå Fånefjellstunnelen. Eg likar det når ein kan flette inn noko av den geniale humoren i artiklar på Setesdalswiki, og det gjorde du framifrå i denne artikkelen. --Harald Haugland 7. mai 2011 kl. 12:10 (CEST)

Urdvikismellen

  • Historisk bilete og rask publisering. :-) --Harald Haugland 8. jun 2011 kl. 14:10 (CEST)

Inger Frøysaa

Takk for bilete av Inger Frøysaa i bokhandelen på Evje. Eg vil mykje heller ha lokale bilete enn slike som eg finn på Internett, så difor tok eg bort det biletet som låg der frå før. Setesdalswiki er best når lokale bilete vert nytta. --Harald Haugland (diskusjon) 28. jun 2012 kl. 22:23 (CEST)

Lille Gyvatn

Takk for bilete av Lille Gyvatn med god forklaring. Eg kommenterte jobben din på bloggen i kveld: http://valleradio.blogs.no/2012/09/30/mellom-lille-gyvatn-og-launes-14920636/ --Harald Haugland (diskusjon) 30. sep 2012 kl. 23:35 (CEST)

Ørnefjødd?

AA Bykle Ørnefjødd 2010-10-28 03 craW.JPG

Hei Reidar :) Har nettopp lastet opp bildet til venstre, men er litt usikker på om jeg har rett navn her - vet du mer? Mvh Siri J (diskusjon) 10. des 2012 kl. 10:21 (CET)

Mikkjel

Så godt at du fiksa bilete :) Takk! Siri J (diskusjon) 13. des 2012 kl. 10:50 (CET)

Godt nytt år

Eg vil ønske deg godt nytt år og takke for 2012, som vart eit år med mange hendingar for både Setesdalswiki og på det personlege plan. Du fekk ferdig boka om Setesdalsbanen, vi fekk mange artiklar om Setesdal på plass i leksikonet og mange gode samtalar gjennom året, både på telefon og mann til mann. Det har vore ein rikdom eg er glad for å kunne ta med meg inn i det nye året. --Harald Haugland (diskusjon) 31. des 2012 kl. 16:17 (CET)

Fått foreldre

Som du ser av mine tre siste redigeringar har nå den flotte artikkelen din Overgangsveg mellom Bygland og Åseral fått lenke. --Harald Haugland (diskusjon) 8. mar 2013 kl. 18:31 (CET)

Vinterbilete

Du skulle vel aldri ha eit vinterbilete av Årdalsknapen, Himmelsyna eller Bertesknapen, som ein kan leggje inn i artikkelen Tretoppars på Evje mars 2013? --Harald Haugland (diskusjon) 22. mar 2013 kl. 00:03 (CET)

Takk for bileta til artikkelen. Det løfta han monaleg. --Harald Haugland (diskusjon) 22. mar 2013 kl. 23:17 (CET)

Kvibru

Så flott å få artikkel om denne brua langt vest i heia, Kvibru. Og honnør for det du skreiv på moisund.com om leilighetsbygget på Byglandsfjord. Flott når vi kan ha lenker mellom nettsider i Setesdal. --Harald Haugland (diskusjon) 6. aug 2013 kl. 12:27 (CEST)

Heia Reidar!

For å bytte språk litt - ille morro atter'u skriver om ekspressen! :) Gørgøy! Kalleg gama? :) Trur eg... Men er åpen for setesdalskorreks på det siste :) Siri J (diskusjon) 14. aug 2013 kl. 12:27 (CEST)