Ånebjør

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ånebjørområdet 2009
Ein del av Ånebjørs mange bygg
Foto: Reidar Tveito

Ånebjør er ein gard (gnr. 6) i Bygland vesthei ved elva Logna, nord for Beinsvatnet og Juvatn. Den er først omtalt i skriftlege kjelder i 1647. I 1875 var det tre bruk på Ånebjør. Dei hadde til saman to hestar, 27 kyr, 50 sauer og 29 geiter. Jakt og fiske gav og gode inntekter. I 1913 vart eigedomane kjøpt av Oscar Jebsen. I 1971 slo lynet ned og både våningshus og uthus brann opp, bare eit loft stod att.

I mange år har ein arbeidd for å bygge ein veg over Ånebjør for å binde Setesdal og Bygland saman med Åseral. I forbindelse med kraftutbygging (Juvvatn er regulert) vart det bygd Fylkesveg 351 frå Tjaldal til Bortelid og vidare til Beinsvatnet. Jebsen bygde så vegen vidare til Ånebjør. Den vegen går forbi Beinstøylen, der John G. Arneberg vart fødd.

Litteratur[rediger]

I 1989 gav Bjarne Bratteteig ut boka Aanebjør, der han fortel om livet som forpaktar av garden frå 1949.

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...