Senumsund bru

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Senumsund bru vart ferdig i 1966
Den gamle roferja i Senumsundet, i 1952.
Foto: Bilete frå Jorunn Greibesland
Senum t.v. Byglandsfjord t.h. Tidl. Hornnes kommune hadde i mange år eit sterkt ynskje om bru over Senumsund. Her er brubygginga så smått i gong
Foto: Reidar Tveito
Kjerringodden omkring 1963, slik det såg ut før Senumsund bru vart bygd over sundet
Foto: Reidar Tveito
Brubygginga gjekk føre seg i åra 1965-66.
Foto: Reidar Tveito
Fylkesveg 305 går på Senumsund Bru
Foto: Reidar Tveito

Senumsund bru er ei 140 meter lang bru over Senumsundet i Byglandsfjorden. Brua er ein del av fylkesveg 305 som går frå rundkøyringa på Byglandsfjord til Gullsmedmoen i Evje og Hornnes kommune.

Historikk[rediger]

Fyrste kjerreveg i indre Agder kom i 1804, mellom Krossen i Hornnes og Gullsmedmoen. Denne kom i stand for å letta samferdsla framom alle fossane i Otra i dette området. Seinare, i 1844, vart kjerrevegen mellom Kristiansand og Valle ferdig. Denne fylgde den fyrste kjerrevegen mellom Hornnes og Gullsmedmoen, med ferjing over Senumsundet. Vidare oppover gjekk vegen på austsida. Men etter at det kom bru over Otra ved Evje, vart det anlagt veg vidare på austsida, i 1887. Bygland kommune vart pålagd å halda ein stikkveg mellom denne vegen og Senumsundet. På vestsida, på Gullsmedmoen, budde det folk som ma. dreiv med båtferdsle oppover Byglandsfjorden, heilt opp til Ose. Dei dreiv nok óg med ferjing over sundet her. Då dampbåten Dølen kom i drift i 1866, vart naturleg nok denne stasjonera på Gullsmedmoen den fyrste tida.

Ynskje om bru over Senumsundet er gamalt. I samband med Byglandsfjords 100-års jubileum i 1993, fortalde professor Olav Bø at allereie i 1879 hadde formannskapet i Valle eit framlegg om bru over sundet. Etter at Setesdalsbanen vart opna i 1896, vaks tettstaden Byglandsfjord fram. Ynskje om bru vart då fremma gong på gong, men Senumsundet var for breitt til at dette let seg gjera med det fyrste.

Slik kravet om bru vart omtala i avisene[rediger]

Hovudveganlegget Senum bru. Bondepartiavisa Agder Tidend som i hovudsak dekka dei indre bygdelag i Agder, hadde ein artikkel frå fylkestinget om veg- og bruprioriteringar i Bygland i 1950, og skreiv m.a.: Til hovudveganlegget Senum bru i Hornnes og Bygland løyver Aust-Agder fylke distriktstilskot på 25 pst. av kostnaden, på vilkår at dei interesserte kommunane tek på seg halvparten av det kontante tilskottet og ellers reider ut vederlag for grunn, gjerdehald m.v.

Senumsund bru må opp på vegbudsjettet meiner Hornnes heradstyre. Slik stod det å lesa i Fædrelandsvennen i 1951, og det var ikkje einaste gongen dåverande Hornnes kommune fremja dette kravet. I eit referat frå kommunestyremøte laurdag 28. juli 1951 var ynskjet om bru ei av sakene som var oppe: Til Aust-Agder vegkontor vart det send ei sterk oppmoding om no endeleg å få opp Senumsund bru på vegbudsjettet 1952-53 etter at ho har vore på tale i over 50 år.

Brukrav var valgsak. I eit politisk avisinnlegg 27. september 1951 kom ma. innsendar O. T. med ei oppmoding: Av saker ein må gjera det ein kan for å få løyst, er bruspørsmålet over Senumsundet. Til dette har heradet avsett ein større sum.

1951: Vegsjefen i Aust-Agder ville kvitte seg med ferjene[rediger]

Senum etter Senumstad. Dagbladet Sørlandet hadde ein artikkel om veg og brubygging i Aust-Agder den 19. oktober 1951. I siste avsnitt om vegsjef Arne Nilsens planar og prioriteringar stod det å lesa: I de senere år har det ikke vært svært mye vegbygging, men til gjengjeld er det blitt bygget bra med bruer. Det er planen i løpet av 10 år å få vekk alle ferjer, unntatt Tromøyferjen. Så høyt har vi ikke gapt ennå, fortsatte vegsjefen. Senere på høsten begynner arbeidet på Senumstadbrua. Om to år er den forhåpentlig ferdig. Neste skritt er å bli kvitt ferjen ved Byglandsfjord, og så følger bru over Otra ved Moisund. Her synker jo av og til ferjen med et billass eller lignende.

Hornnes heradstyre vedtok i siste møte å fremje desse saker for fylkestinget i år: Søknad om tilskot til omlegging og bygging av nokre vegar, og om at det må bli sett av mest mogeleg med pengar til bru over Senumsundet. Samstundes blei det sendt oppmoding til vegkontoret at ferja ved Senumsund vart sett slik i stand at ho også kan nyttast for lastebilar. Denne oppmodinga kom i 1953, og fyrst i 1966 vart det bru over sundet. Ei motorisera ferje vart sett i drift så lenge, og den kunne take større bilar. Både denne og ferja ved Moisund var såkalla trekkferjer, som nytta ein wire festa på både elvebreidder.

1954: Måtte ungdomshuset flyttast pga. planlagt bru og veg?[rediger]

«Fjellklang» lyt flytjast. Slik stod det å lesa i Fædrelandsvennen i samband med at Bygland kommune hadde avslege ein søknad frå Kinosentralen om å få framsyningar kvar tredje veke i kommunen. Den nye vegen frå Senumsund bru er planlagd so ungdomshuset Fjellklang på Byglandsfjord lyt flytjast. Ungdomslaget vil no vøla huset og bed um, at det må verta fastsett flytjingskostnad og kven skal betala denne. Etter brev frå ungdomslaget vart det vedteke å venda seg til vegsjefen i Aust-Agder med spursmålet.

1956: Fylkestinget prioritera veg og ikkje bru[rediger]

Olav A. Fennefoss var den siste ordføraren i Hornnes kommune, og i Fædrelandsvennen den 17. april 1956 uttrykka han seg vonbroten til avisa om korleis pengar til samferdsle vart prioritera. Den gongen var det mest om å gjera å få veg mellom Åseral og Setesdal, frå Bortelid, Ånebjør og over heia til Tjønndalen og Langeid. Dette veganlegget har vore på tale mange gonger, nå seinast i desember 2012, då det vart tilrådd å venta endå lengre med denne veglina.

Olav A. Fennefoss: I Hornnes er me leie for at hovudveganlegget med samanbindingsveg og bru over Senumsundet ikkje har kome med. Dette er eit krav frå 1896, som har vore avslått gong på gong. Ein gong var det avsett 10.000 kroner, men pengane blei nytta til andre føremål, sa Fennefoss, og bad om at brua måtte bli planlagt i sommar. Folk er mismodige nå.

Vegsjefen: Det er desverre ikkje rådeleg å få opp nye anlegg nå. Dei som er i gang må fyrst gjerast ferdige, før ein går på nye.

Fylkesmannen: Bru over Senumsundet står på planen frå 1948, og den vil koma i sin tur, utan å seie når det kan bli. Nå er det bygd ny ferje til Senumsundet og vegstubbane til ferja skal bli fylkesveg.

1959: Kompensasjonsveg for Setesdalsbanen, og bru over Senumsundet[rediger]

Det gjekk rykter om at det ville koma bru over Senumsundet i samband med kompensasjonsvegen for nedlagt jarnbane. I eit lesarinnlegg, 14. jan. 1959, skreiv O. T. om stikking av veg: Frå Byglandsfjord og ut etter dalen har vegfolka i haust drive på med å stikke ny vegline, kompensasjonsveg for Setesdalsbana, vert det sagt. Det skal etter denne planen byggjast bru ved Byglandsfjord over Otra til Guldsmedmonen, vidare skal vegen gå langs vestsida av vegen til Evje. (etter det tidlegare jarnbanesporet) Her vert det atter ei ny bru om lag ved Evje apotek....

Ein skjøna då at Setesdalsbanen ville bli nedlagt, men noko endeleg vedtak var ennå ikkje fatta. Men det var tydeleg at Aust-Agder vegvesen alt var i sving med førebuingar for tida etter banen. Og det visa seg at rykta var rette om bru over Senumsundet.

1962: Usemje om ny vegline mellom Hornnes og Byglandsfjord[rediger]

Arbeidet med kompensasjonsvegen var alt i gong i Vest-Agder då Setesdalsbanen vart nedlagt den 2. september 1962. Ulike syn og interesser ga mykje usemje om kor nyvegen og bruene skulle leggjast. Det var mykje tale om å leggje den nye setesdalsvegen på vestsida opp til Byglandsfjord. Dette måtte avklarast før ei bru over Senumsundet kunne byggjast. Verre var det for vegvesenet i begge fylka at midlar til vegbygginga vart avgrensa. Dette seinka arbeidet ein del, og i fleire lesarbrev ga folk uttrykk for dette.

Den 4. desember 1963 kunne ein lesa ein liten notis om vegprioriteringane til vegsjef Irgens i Aust-Agder: 1. Vegen Vest-Agder grense til Byglandsfjord. 2. Strekninga Byglandsfjord-Telemark. 3. Strekninga Flateland-Skafså. 4. Samband med Sørlandsbanen. 5. Bru over til Senum. Skulle Senumsund bru venta til det vart gul midtstripe til Haukeligrend, då hadde ein hatt trekkferje over sundet ennå.

1964: Bru over Otra ved Senum vil kosta 1 million kroner[rediger]

Eit gamalt ynskje bru over Otra i Evje/Hornnes til avløysing av ferja, er nå innan synsvidde. Dette skreiv Fædrelandsvennen den 18. januar 1964. På oppmoding frå kommunestyret (Evje) har vegsjefen i Aust-Agder nå planlagt og kostnadsreikna dette bruprosjektet. Etter melding som låg føre i siste kommunestyremøte vil ei bru med stålbjelkar og armert betongdekke kosta ein million kroner. Brua vert 970 meter lang og får ei køyrebane på 6 meter og må byggjast som fylkesveganlegg.

Kommunestyret hadde ikkje noko å merke til vegsjefen sine planar, og vedtok å takka han for rask handsaming. Då kommunestyret kjende til at kommunestyra i Hornnes og Bygland i fellesmøte hadde vorte samde om å ta kvar sin halvpart av utlegga til Senum bru, løyvde Evje/Hornnes kommunestyre i same møte samrøystes sin halvdel av dei utgiftene som fell på kommunane ved dette bruanlegget. Kommunestyret oppmoda samstundes vegsjefen om å gjera sitt beste for at Senum-brua vert førd opp på fylkesbudsjettet for 1965.

Den 3. juni 1964 hadde Fædrelandsvennen ein lengre artikkel om vegarbeidet i Setesdal, der prioriteringslista til vegsjef Johannes Irgens framleis var som nemnt ovafor. Brua over Senumsundet sto sist på lista, og hadde vorte utsett i påvente på å få denne brua inn som ein del av kompensasjonsvegen etter jarnbanen. Dette hadde ikkje lukkast, men vegsjefen hadde god tru på at brua kunne koma inn på fylkets vegbudsjett, og saman med kommunanes forskotteringar så meinte han at brua kunne verta ferdig i 1965.

Med tilførselveg over stasjonsområdet kunne ein førebels spara 50.000 kroner, etter vegsjefens ynskje. Men her låg det føre planar om eit stort ungdoms-, idrotts- og skulesentrum, difor ville Bygland kommune heller at tilførselvegen mellom Setesdalsvegen og brua vart gjort ferdig samstundes. Kommunen sa seg óg lei for at ikkje bruanlegget vart klassifisera som riksvegsprosjekt i samband med kompensasjonsvegen. Men dei retta ein takk til vegsjef Irgens for hans arbeid med brua, og tilbaud seg å yta ei rimeleg forskottering utover den parten som fall på Bygland kommune.

1965: Brua vart bygd[rediger]

Og arbeidet kom i gong og gjekk for fullt med brukara i 1965. Ute i elva hadde det føregått sprengning- og oppgravingsarbeid under vatnet 8-10 år tidlegare. Dette var ein del av arbeidet med å senka heile elveløpet mellom Senumsundet og Byglandsfjorddammen nokre kilometer lengre nede. Kraftverka var ofte i beit for vatn nedanfor i Otra, særleg om vinteren. Ute i elva skulle det setjast opp tri breie brukar i betong for bering av stålbjelkane. Eit stillas i treverk vart bygd tvert over sundet under anlegget, så nå kunne ein så smått koma over utan båt.

Tilførselvegane på båe sider av brua vart gjort heilt ferdige, og trong ikkje endrast seinare. Men det kom på ein mindre ekstrautgift som ikkje var planlagd. Osmund Faremo var svært ivrig etter å få i stand noko på stasjonsområdet etter banenedlegginga, og det var store planar for eit ungdoms- og idrottsanlegg på begge sider av bruvegen. Han fekk vegvesenet til å laga ein undergang under vegen når dei fyrst var i gong med arbeidet. Byglandsfjord Ungdomssenter vart det ikkje noko av, men undergangen låg der, og fekk sidan namnet Faremos undergang. Då Bygland kommune bygde nytt kloakkreinseanlegg like ved i 2011, laga dei samstundes til ein gangveg, slik at undergangen til sist kom til nytte.

Etter at betong- og vegarbeidet var ferdig, vart det lyst ut anbod på sjølve stål- og bruarbeidet, 5. august: Anbud - Senum bru Det ønskes anbud på til sammen ca. 200 m sveiste stålbjelker, vekt ca. 55 tonn. Dokumenter fås utlevert ved Vegdirektoratets bruavd. Oslo, mot depositum kr. 100.- i krysset sjekk. Vegsjefen i Aust-Agder, Arendal.

1966: Brua vart opna[rediger]

Reportasje i Agderposten onsdag 19. oktober 1966:

I dag åpnes den nye Senumsund bro i Bygland Og dermed forsvinner den gamle fergeforbindelse.

I dag blir det litt av en merkedag for oppsitterne langs vestsiden av Byglandsfjorden, for kl. 09.30 i formiddag vil den nye brua mellom Byglandsfjord og Senum bli åpnet i nærvær av bl. a. fylkesmann Henrik Svensen, vegsjef Johs, B. Irgens, ordfører Halvard Frøysnes, ingeniører ved Vegkontoret og formannskapsmedlemmer i Bygland. Når åpningen er et faktum avsluttes et annet kapittel i kommunens historie, nemlig den hittidige fergeforbindelsen mellom de to sidene som dermed blir nedlagt. Denne fergeforbindelsen har en over 100 år gammel tradisjon, men det vil neppe bli sørget noe særlig over at den nå er en saga blott. I hvert fall fra Vegvesenets side er man bare glade over at man slipper ytterligere en fergeforbindelse, og at man i stedet kan framby en tidsmessig bru med gode tilknytningsveger. Anleggssummen for den nye brua er ca. 1 million kroner.

Det ser ikkje ut til at representantar for tidligare Hornnes kommune har vore med på opninga.

Ein del år seinare hadde Aust-Agder vegvesen som mål å betra alle vegar og bruer i fylket opp til 10 tonns akseltrykk. Då vart også stålbjelkane under brua meir avstiva, og ein kunne såleis auke akseltrykket opp frå 8 til 10 tonn. I februar 2014 fekk også brua nytt rekkverk etter EU-standard.

Den 24 september 1951 stod det ein liten notis i Dagbladet Sørlandet, der det var opplyst om at ei gjennomsnittelig industriarbeidarløn for menn var i 1939 kr. 1,69 pr time og i 1950 kr. 3,26 pr time. (På Byglandsfjord Dampsag var timeløna hausten 1970 kr. 10,50). Så kan ein gjera seg ei viss samanlikning på kostnadane nemnt ovanfor ut i frå dåtidas og nåtidas lønsnivå.

Sjå også[rediger]

Kjelder[rediger]

  • Oddmund Mogstad: Ferdselsvegar på vestsida av Otra mellom Fennefoss og Senum. Artikkel i Setesdølen nr. 36, 2000 side 10.
  • Vil det gå 34 år før Bygland får veg på vestsida av fjorden? Agder Tidend, 19. april 1950.
  • Heradsnytt frå Hornnes, Fædrelandsvennen, 31. juli 1951.
  • Vegbygging er ei viktig sak, Fædrelandsvennen, 27. september 1951.
  • Hornnes bed fylket om veg og brupengar, Fædrelandsvennen, 13. januar 1953.
  • «Fjellklang» på Byglandsfjord lyt flytjast, Fædrelandsvennen, 4. januar 1954.
  • Aust-Agder tilrår veganlegget Bortelid-Helleren-Aanebjør, Fædrelandsvennen, 17. april 1956.
  • Ikkje før alle tretoppane er like høge, Fædrelandsvennen, 14. januar 1959.
  • Betre vegar i Setesdal meiner «Utvalet», Fædrelandsvennen, 4. desember 1963.
  • Bru over Otra ved Senum vil koste ein million kroner, Fædrelandsvennen 18. januar 1964.
  • Bro over Otra ved Byglandsfjord i 1965, Fædrelandsvennen, 3. juni 1964.
  • Bru over Senumsundet vert 50.000 kr. billegare ført over stasjonsområdet, Fædrelandsvennen, 17. juni 1964.
  • Anbud - Senum bru, annonse i Fædrelandsvennen, 5. august 1965.
  • I dag åpnes den nye Senumsund bro i Bygland, Agderposten 19. oktober 1966.
  • Opplysningar frå eit kåseri av Olav Bø i 1993.
  • Gjennomsnittelig timefortjeneste, Dagbladet Sørlandet, 24. september 1950.

Kart[rediger]

Laster kart...