Straume kraftverk


Straume kraftverk er eit planlagt småkraftverk i Kvernåni på Straume i Hylestad i Valle kommune. Som eit ledd i utbygginga skal Svartetjørn (651 moh.) oppe på heia aust for Straume regulerast med ein meter, og vere inntaksmagasin for kraftverket. Frå Svartetjørn vil det vere ei ca 2 500 meter lang nedgraven røyrgate ned til kraftstasjonen på 254 moh. Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 4,0 MW, og vil produsere om lag 15 GWh. Det er nok til å dekke det årlege forbruket til ca 750 husstandar. Byggestart var hausten 2016. Utbygginga er kostnadsrekna til ca 32 millionar kroner. Nomeland Anlegg har alt av graving og røyrlegging.
Fem lokale grunneigarar er saman om prosjektet: Stein Føreland Straume, Olav Straume, Jorunn Rysstad Berg, Jon Haugen og Tor Daniel Aas. Grunneigarane har skipa eit aksjeselskap, Straume Kraftverk AS, som står for utbygginga. Jon Haugen er ikkje med i dette selskapet. Styreleiar og dagleg leiar i utbyggingsselskapet er Stein Føreland Straume.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Satsar vel 30 mill. kr. på Straume kraftverk, artikkel i Setesdølen nr. 11, 2016, side 5
- Om Straume kraftverk på nettsida til NVE
- Ole Birger Lien, Satsar 32 mill. på Straume kraftverk, artikkel i Setesdølen nr. 6, 2017, side 6
| Breive · Skarje · Skarg · Holen · Hommsåne · Kveasåni· Brokke · Bjørgum · Straume · Hekni · Hovatn · Nordåni · Nånes & Mele · Longerak · Storebekk · Uleberg · Fennefoss kraftverk · Iveland · Nomeland · Steinsfoss · Hunsfoss · Vigelandsfoss |