Stein Føreland Straume

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Stein Føreland StraumeSymbol unrelated.svg
Stein Føreland Straume.jpg
Født: 15. august 1977 (42 år)

Stein Føreland Straume (fødd 15. august 1977) driv Straume Gard på Straume. Han overtok garden i 2012. Han har bygd nytt stort sauefjøs med plass til 400 vinterfora sauer. Rundt sauefjøset dyrkar han opp store areal til forproduksjon og kulturbeite. Første året etter han overtok, hadde han 70 vinterfora sauer, så auka han til 90.

Før han kom heim til Straume att, var han i Forsvaret frå 2008 til 2012. Han avslutta si militære karriere som stasjonsjef på Grensen mot Russland, der han hadde ansvaret for å vakte Schengen si yttergrense mot Russland. Før det, frå 2002 til 2008, var han i politiet og gjorde mellom anna teneste i Kirkenes.

Stein Føreland Straume er også styreleiar og dagleg leiar i Straume kraftverk, som blei bygd i Kvernåni på Straume hausten 2016/våren 2017.

Han er gift med Hilde Marie Straume som er politibetjent. Dei har tre born saman.

Kjelder[rediger]