Kvernåni (Straume)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kvernåni nede i dalbotnen, ved kraftverket.
Kvernhus i Kvernåni.
Foto: Geir Daasvatn

Kvernåni er ein elv på Straume på austsida av Otra i Hylestad i Valle. Ho renn frå Mjåvatnet oppe i Straumsheia (764 moh.) og nedover dalsida gjennom Straumsjuvet til Otra ved Dokkin. Elva er planlagt regulert med Straume kraftverk frå hausten 2016. Minstevassføringa er i konsesjonen fastsett til 43 liter i sekundet heile året.

Frå naturen si side har Mjåvatnet utlaup mot aust, til Straumsfjorden i Tovdalsvassdraget. Men kjøpmann Peder Lind starta opp med gruvedrift i Straumsheia på andre halvdel av 1600-talet. Han demde då opp Mjåvatnet med to stemmar, ein i aust mot Straumsfjorden og ein i vest mot Straume. Vasstanden blei heva med ca. 7 meter. Frå då av fekk vatnet hovudutlaup utfor lia ned mot Straume.[1]

Kjelder[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 44-45