Nordåni småkraftverk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. desember 2016 kl. 09:55 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt inn mal "Kraftverk i Otra")
Hopp til navigering Hopp til søk
Kraftstasjonen i 2013, med Bygland frivilligsentral på tur.

Nordåni småkraftverk er eit vasskraftverk på Jordalsbø i Bygland. Det nyttar ein netto fallhøgde i elva Nordåni[1] på 170 meter, og vatnet vert leia i ei 1700-1800 meter lang røyrgate. Kraftverket har ikkje eit eige magasin, men nyttar vatnet i elva. Det kan maksimalt levera 1200 kW, med ein produksjon på 4,5GWh. Nordåni småkraftverk har ein vertikal Pelton-turbin, med ein yteevne på 1320 kW.

Fem lokale grunneigarar eig småkraftverket, som kosta 8 millioner då det vart bygd i 2005-2006. Det opna 30. mai 2006.

Eksterne lenker

  1. Kartverket sitt faktaark (Vitja 8. desember 2014)


Kraftverk i Bygland
   Hekni · Hovatn · Nordåni · Meleåni · Langerak   


Aust-Agder våpen Kraftverk i Otra
   Breive · Skarje · Skarg · Holen · Hommsåne · Kveasåni· Brokke · Bjørgum · Straume · Hekni · Hovatn · Nordåni · Nånes & Mele · Longerak · Storebekk · Uleberg · Fennefoss kraftverk · Iveland · Nomeland · Steinsfoss · Hunsfoss · Vigelandsfoss