Nordåni (Skreland)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Nordåni rett nedanfor Nordåni småkraftverk i Jordalsbø.

Nordåni er ei elv i området rundt Skreland og Jordalsbø i Bygland kommune. Elva renn ut av Asbjørnstøylvatn på heia nord-aust for Skreland, sørover lia aust for Skreland og vidare nedover i terrenget på vestsida av busetnaden i Jordalsbø, før ho renn ut i den større Søråni ved Åmøte, om lag 1,5 km aust for Bygland sentrum. Dei to elvene renn saman det siste stykket ned til Byglandsfjorden, og kallast då Kvålsåna.

Fallet i Nordåni nyttast til kraftproduksjon i Nordåni småkraftverk på Jordalsbø. Kraftverket har ikkje eige magasin, men nyttar vatnet i elva.

I eldre tider blei elva kalla Skrelandsåna.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...