Bygdeborga på Steinsfjell
Bygdeborga på Steinsfjell låg på Steinsfjell i Evje, det låge fjellet rett aust for det som i dag er Evje stadion og Trollbakken hoppanlegg. Alle stader i landet med namnet Steinsfjell skal det vere ei bygdeborg. Borga må ha vore for dei som budde nede i dalen. Ho hadde ein grei avstand frå busetnaden i Evje på den tida, og skal ha hatt ein høg og fin forsvarsmur av stein. Dei som budde nærare bygdesenteret på Flåt/Austerhus hadde borga på Urdalsfjell på Åvesland.
Det er ikkje gjort vitskaplege undersøkingar av bygdeborga på Steinsfjell. Alderen er derfor usikker. Men det er ei vanleg meining mellom arkeologane, heiter det i kultursoga for Evje og Hornnes, at bygdeborgene er frå folkevandringstid og sein romartid. Arkeolog Perry Rolfsen har argumentert for at denne tidfestinga kan vere for trong, og at bygdeborgene kan ha vore i bruk over eit langt større tidsrom.[1]
Eit kjenneteikn ved alle dei fem bygdeborgene i Evje og Hornnes er at dei ligg i nærleiken av eit større eller mindre gravfelt. Steinsfjell ligg like i nærleiken av det største registrerte gravfeltet i Setesdal i Fossvik på Verksmoen.
Frå 1920 og ut gjennom 1930-åra blei steinane i den høge og lange muren rulla utfor fjellet og ned på skytebanen av gutungane i stasjonsbyen Evje. Den kjende rosemålaren Oskar Kjetså har fortald at han var ein av gutane som dreiv på med dette. Her hadde dei «arbeid» i fleire år. Seinare fylte Forsvaret på med store mengder granulert slagg som låg att etter Evje nikkelverk, då dei laga skytevoll bak skyteskivene og anvisargrava. Så i dag ligg steinane frå borga under tonnevis av slagg.
Olaf Alfsen Kjetså frå Hornnes var på Steinsfjell i 1930, og tok eit bilete ved dei restane av borgmuren som då stod att. Nå er også denne delen av muren borte.
Sjå også
Kjelder
- Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 285-287
Referansar
- ↑ Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 51