Åvesland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gardsbruket Sollia på Åvesland.

Åvesland (Åvitsland) er ein gard (gnr. 62) i Flatebygd i Evje og Hornnes. Han er den neste garden ein kjem forbi etter Austerhus når ein køyrer austover langs Gautestadvegen mot Høgås skianlegg og Gautestad.

Dei fleste -landgardane i Evje meiner ein stammar frå folkevandringstida, frå 400 til 600 år etter Kristus. På Åvesland veit ein om minst åtte gravhaugar.[1]Urdalsfjell på Åvesland sin grunn er det også restar etter ei svær bygdeborg. I folkevandringstida var Åvesland heller ikke nokon avsidesliggjande gard, slik han kanskje kan oppfattast i dag. Mellom anna kom det veg frå Lande ved Byglandsfjorden om Åvesland.[2] Alt dette kan underbygge at her kan det ha vore fast busetnad heilt frå folkevandringstida.

Kart

Laster kart...

Referansar

  1. Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 41
  2. Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, side 50