Bygdeborga på Urdalsfjell

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Her ser ein tydeleg den sammenrasa muren som strekker seg mange meter bortover i terrenget rett under toppen av Urdalsfjellet.

Bygdeborga på Urdalsfjell var eit forsvarsverk mot inntrengarar i ufredstider på UrdalsfjellÅvesland mellom Flatebygd og Gautestad i Evje og Hornnes. Det er minst fem kjende slike bygdeborger i kommunen[1]: På KleveknutenHannås, på HorgeknipenSenum, på KallshovetKallhovd, på Steinsfjell nær Evje sentrum og altså på Urdalsfjell. Det er vanlig oppfatning blant arkeologene, heiter det i kultursoga for Evje og Hornnes, at borgene er frå folkevandringstid og sein romartid, kanskje rundt år 350 - 550 e.Kr.[2]

Bygdeborga på Åvesland er den der det meste av borgmuren ennå er å sjå. Muren ligg på nordsida av fjellet, og strekker seg 60-70 meter i aust-vestleg retning. Midt på har det vore ein opning for menneskje og dyr. Borga må ha vore god å forsvare. Fjellet er stupbratt på alle kantar, med unnatak for nordsida der muren ligg. Det må ha vore litt av eit arbeid å transportere all steinen til muren opp på fjellet. Anlegget har sjølvsagt vore kjend av folk i lokalmiljøet. Men det var lokalhistorikaren Sigmund Monen som fekk det registrert som bygdeborg så seint som i 1984.[3]

Bygging, vedlikehald og vakthald må ha krevd stort mannskap og ei form for fast organisasjon. Trulig måtte folk samle seg på lokale bygdeting for å bli einige om slike prosjekt og korleis dei skulle gjennomførast. Det må derfor etter alt å døme ha budd ganske mange folk fast på Åvesland og gardane omkring alt i folkevandringstida.[4]

Sjå også

Referansar

  1. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 287
  2. Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 50-51
  3. Kultursoge for Evje og Hornnes, side 50
  4. Kultursoge for Evje og Hornnes, side 51