Bygdeborger i Evje og Hornnes

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Restane etter muren i bygdeborga på Urdalsfjell.

Bygdeborger i Evje og Hornnes er ei liste over kjende bygdeborger i kommunen. Det er minst fem slike[1]: På KleveknutenHannås, på HorgeknipenSenum, på KallshovetKallhovd, på Urdalsfjell ved Åvesland i Flatebygd og på Steinsfjell ved Evje stadion. Med unntak for Lista, har Evje og Hornnes den største konsentrasjonen av bygdeborger på heile Agder.

I samband med alle dei fem bygdeborgene er det eit større eller mindre gravfelt. Det er vanleg oppfatning blant arkeologene, heiter det i kultursoga for Evje og Hornnes, at borgene er frå folkevandringstid og sein romartid, kanskje rundt år 350 - 550 e.Kr.[2]

I Kulturminneplan Evje og Hornnes 2019-2024 er det peika på at bygdeborgene er nokså lite kjende, og sett opp som eit tiltak å skilte turstiar til dei.[3]

Bygdeborger

Referansar

  1. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 287
  2. Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 51
  3. Kulturminneplan Evje og Hornnes 2019-2024, vedteken av Evje og Hornnes kommunestyre 28. februar 2019