Nordigard Åkre

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Det gamle tunet i Nordigard.

Nordigard Åkre er eit gardsbruk (bnr. 1) under Åkre i Valle. Heimelshavar (2017) er Gyro Åkre Lund (f. 1950).

Historie[rediger]

Sogemannen Torleiv B. Aakre budde heile livet i Nordigard Åkre. Garden er sansynlegvis mellom dei eldste i Valle. Det er funne pilodd av flint frå yngre steinalder, ein skjoldbukkel frå 800-talet og eit sverd frå ikring 900. Skjoldbukkelen vart funnen der ein meiner at rudkallen Stigand skal vere gravlagd.


Slekt[rediger]

Nordigard Åkre har vore i same slekt heilt tilbake til midten av 1600 talet. Nedanfor er ein oversikt over slekta. Namnet på eigaren skifter mellom Bjug og Torleiv (alle med etternamn Åkre) heilt frå 1600 talet til odelsjenta Gyro Bjugsdtr. Åkre overtek i 1980.

Ein Ånund (Bjugsson?) f. ca 1616 hadde dette bruket midt på 1600 talet. Sonen Bjug f. ca 1661 tok over garden.

Bjug f. ca 1661 g.m. Birgit Torleivsdtr. Åmli f. ca 1669

Born: Gunhild (1693), Torleiv (1698), Torbjørg (1756), Margit (1707)


Torleiv (1698-1773) g.m. Tore Steinsdtr. Berg (1700)

Born: Inger (1726), Sigrid (1729), Bjug (1732), Tone (1736), Tone (1737), Olav (1739), Tone (1740), Tone (1742), Olav (1749)


Bjug (1732-1798) g.m. Birgit Olsdtr. Viki (1731)

Born: Birgit (1754), Torleiv (1757), Kjetil (1761), Tore (1766), Ånund (1770)


Torleiv (1757-1813) g.m. Gro Gjermundsdtr. Harstad (1755).

Born: Torbjørg (1784), Bjug (1787), Bjug (1789), Olav (1793), Birgit (1797), Ånund (1800)


Ånund (1800) var gift med Torbjørg Kjetilsdotter Harstad (1810-1894). Dei fekk 10 born og budde på husmannsplassen Gangseid øvst oppe på Harstad. Ånund tok etternamnet Harstad og drog med familien til Amerika i 1861. Yngste sonen Bjug som var fødd i 1848 var 13 år då dei drog. Han blei ein luthersk pastor, grunnleggjande president for Pacific Lutheran University, og første president for den evangeliske lutherske synoden.


Bjug (1789-1858) g.m Gyro Hallvardsdtr. Harstad (1798)

Born: Torleiv (1817), Torleiv (1819), Gunhild (1821), Hallvard (1824), Gro (1827), Gro (1829), Olav (1833), Gjermund (1836), Ånund (1840)


Torleiv (1819-1872) g.m. Ingebjørg Knutsdtr. Homme (1817). Ordførar i Valle 1857-1863.

Born: Bjug (1842), Gyro (1844), Tone (1847), Bjug (1849), Birgit (1853), Tore (1853), Tore (1855), Knut (1861), Arne (1865)


Bjug (1849-1939) g.m. Birgit Olsdtr. Heistad (1860)

Born: Torleiv (1880), Ingebjørg (1883), Olav (1884), Inger (1887), Ånund (1889), Inger (1887), Torjus (1897)


Torleiv ( 1880-1972) (sogemannen) g.m. Gyro Bjørnsdtr. Harstad (1880)

Born: Bjug (1909), Bjørn (1913), Birgit (1916), Daniel (1920)


Bjug (1909-1972) g.m. Ingebjørg Jørundsdtr. Jore (1909)

Born: Gyro (1950)


Gyro (1950-) g.m. Olav Juelsson Lund (1943)

Born: Ingeborg (1970), Torleiv (1971), Tora (1974), Helga Berit (1978)


Kjelder[rediger]