Stavedalen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Stavedalen er eit lite dalføre omtrent 2,5 km i luftline sør-aust for Valle sentrum. Dalen ligg som eit markant landskapsrom forma som ein «gryte» opp mot Valleheiane. Denne «gryta» er omkransa av Slettefjell og Luseskardheii i sør, Ljomsnuten og Stavdalsheii i aust og Åsan og Valefjellet i nord. Opninga av rommet vender ut mot Setesdal i vest. Dalbotnen er prega av store myrpartier.

Det er tilkomstveg til Stavedalen frå Rv-9 ved Halland. Vegen går vidare opp til Brottveit og herfrå som ein bratt sumarveg av låg standard. Vegen er privat og er stengd med bom ved Brottveit. Om vinteren er det snøscooterløype inn til dalen. I området er det meir enn 50 fritidsbustader, og reguleringsplan for Stavedalen (2014) opnar for bygging av om lag 50 nye hytter.

Historie[rediger]

Stavedalen var støyledal for mange av gardane i Valle, mellom anna Rike, Åkre, Viki og Brottveit. I dalen ligg det 12-15 gamle støylsanlegg. Fleire av støylane har godt bevarte bygningar og støylsvollar.

Kjelder[rediger]

  • Plankontoret Hallvard Homme AS, Reguleringsplan for Stavedalen - planomtale, dagsett 8. februar 2011