Storestøyl

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
(Bilete 1) Storestøyl i 1966.
(Bilete 2) Pløying med hest på Storestøyl første halvdel av 1950 åra.
(Bilete 3) Birgit og Knut Eldhuset (1958) i 1964 ved bua som blei timra i 1950. Vårfjoset i bakgrunnen.
(Bilete 4) Hesjer på Storestøyl Eldhuset bnr. 5 i 1957.
(Bilete 5) Nysådd eng hausten 1972 .
(Bilete 6) Slåttonn 1980 Eldhuset bnr. 5.

Storestøyl er nemt i historiske dokument alt i 1645. I 1950 åra hadde Søndre Haugen (Bygland gnr. 31) bnr. 6 og gnr. 28 Eldhuset bnr 5 gode støylsbuer med tregolv og glas , sjå (28.5.A) og (31.6.A) på Bilete 1. Søndre Haugen og Eldhuset hadde også høybuer (31.6.B) og (28.5.B). Eldhuset bnr. 5 hadde vårfjos (28.5.C). Eldhuset bnr 1 hadde ei timra høybu (28.1.B). Rett etter krigen var det slutt med å drive støylane på heia slik som i Årdalen, men folk heldt fram med å drive heimstøylane. Storestøyl var ikkje lenger enn 2.5 km frå bilvegen som gjekk opp til Gausebakken. Her slo dei etter at slåtten i bygda var unnagjort nede i bygda litt uti august. På Eldhuset bnr. 5 var det Birgit og Hallvard Eldhuset som dreiv, og hos Søndre Haugen bnr. 6 var det Signe og Gunnulv Torbjørnson Haugen (1891-1959) med hjelp av sønene Torbjørn G. Haugen, og Hallvard Haugen. Eldhuset bnr. 3 hadde høybu (28.3.B). På Bilete 2 pløyer Olav Kjetilson Borgi (1903-1987) med hjelp frå folk på Søndre Haugen bnr. 6. Om sundagane var det mykje bygdefolk på tur oppom her og det var selskap i begge støylsbuene med bollar, blautkake, kringle og kaffe i 1950 åra.

I 1950 timra Helleik Olavson Lunden (1892-1963) og Jon Såveson Heggtveit (1892-1963) bua som høyrer til Eldhuset bnr 5 (Bilete 3). Same hausten la Hallvard Eldhuset på raptar og tro. Jakob Knutson Eldhuset (1887-1965), Torgrim Vrålson Haugen (1884-1952), Hallvard Haugen og Hallvard Eldhuset tekte. Våren 1951 gjorde Hallvard Eldhuset ferdig resten. Tømret hogg Torgrim og Hallvard i Plasset nær støylen. Nevrane på taket blei flette ved Strondevatn ein kilometer frå bua, vindaugo blei kjøpt av Torgersen på Evje og panel og golvbord blei kjøpt på Byglandsfjord. Golvborda i stova var det Kjetil Tomasson Gakkestad (1881-1963) som høvla og saga av last i Juvet. Juvet er dalen der Hovassåni renn nedover frå Skeie til Nordenå. Kjetil var ein dyktig byggmeister som stod bak mange bygningar i Åraksbø og bygdene rundt.

I 1951 var den første sommaren Hallvard og Birgit slo og hesja på Storestøyl etter at den nye bua blei bygd. Hallvards syster, Gro (1915-2006), og dotter hennar Bjørg (1949) var med. Far til Hallvard, Torgrim Haugen (1884-1952) var også med og dessutan Torgrim Eldhuset som blei fødd i januar dette året. Dei hadde også med kyrne som beitte i skogen kring Storestøyl og blei sette inn i vårfjoset når dei skulle mjølkast. Dette var siste sommaren Torgrim Haugen var på Storestøyl. Hallvard og Birgit hadde med seg smågutane Torgrim og Ånund og kyrne medan dei slo og hesja her til og med 1957 unnateke 1956. Då hadde hesten spent Hallvard, difor var det ingen slått der. I 1957 brukte dei Første traktoren i Åraksbø til å frakte opp det dei skulle ha med seg. Bilete 4 viser hesjene på støylen dette året. Men Hallvard har skrive i hytteboka at det var fælt styr å få opp traktoren på den gamle hestevegen. Så i 1958 var det ingen slått der og så blei det opphald nokre år.

Rundt 1965 kom det skogsbilveg frå Gausebakken til Storestøyl, Storestøylvegen. Kring 1970 tok dei opp att slåtten, framleis med tohjulstraktoren. No var det ikkje lenger overnatting og kyreflokken var ikkje med. Høyet blei køyrt ned til bygda når det hadde tørka på hesjene. I 1972 blei tohjulstraktoren pensjonert og den midjestyrde firehulstraktoren Grom Basen overtok. Bilete 5 viser nysådd eng som spirer der Grom Basen blei brukt til pløying og horving.

I 1974 overtok Ånund drifta og dyrka opp 4 nye mål delvis på Eldhuset bnr 5 og på bnr 3 etter avtale med Olav K. Borgi. Så da hadde han i alt 8 mål dyrka mark på Storestøyl. I 1978 kjøpte han seg ein firehjuls Fiat traktor. Bilete 6 viser slåttonn i 1980. Birgit og Ånund set opp hesje nedanfor høybua. Han dreiv med slått på Storestøyl til rundt 1982. Då fekk han bruke jord på andre eigedomar nede i bygda og fekk nok høy og silofor til sauene der.


Kjelder[rediger]