Arnt Larsen: Skilnad mellom versjonar
s Rettet skrivefeil |
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Evje og Hornnes kommune +Døde personer fra Evje og Hornnes kommune) |
||
| (3 mellomliggjande versjonar av éin annan brukar er ikkje viste) | |||
| Line 8: | Line 8: | ||
Hausten 1902 blei det stifta ei arbeiderforening ved [[Flåt nikkelgruve]] og Evje nikkelverk. Larsen blei den første formannen. I februar 1903 kom det til streik ved gruva. Larsen blei då oppsagd. | Hausten 1902 blei det stifta ei arbeiderforening ved [[Flåt nikkelgruve]] og Evje nikkelverk. Larsen blei den første formannen. I februar 1903 kom det til streik ved gruva. Larsen blei då oppsagd. | ||
I 1904 stilte Larsen gjennom Moisund arbeiderlag ei sosialistisk liste til kommunevalet, og lista fekk inn tre representantar i kommunestyret. Han var drivkrafta då Hornnes og Moi arbeiderforeningar blei omdanna til Hornnes arbeiderparti og innmeldt i Det Norske Arbeiderparti frå 1909. Han var første formann og stod i vervet i mange år. Han var med i kommunestyret til han døydde (21 år). I 1911-1913 var han varaordførar, og altså ordførar 1917-1919. Den største saka som vann fram i hans tid som ordførar var straumleidninga frå [[Langerak kraftverk]] til Moisund. | I 1904 stilte Larsen gjennom Moisund arbeiderlag ei sosialistisk liste til kommunevalet i Hornnes, og lista fekk inn tre representantar i kommunestyret. Han var drivkrafta då Hornnes og Moi arbeiderforeningar blei omdanna til Hornnes arbeiderparti og innmeldt i Det Norske Arbeiderparti frå 1909. Han var første formann og stod i vervet i mange år. Han var med i kommunestyret til han døydde (21 år). I 1911-1913 var han varaordførar, og altså ordførar 1917-1919. Den største saka som vann fram i hans tid som ordførar var straumleidninga frå [[Langerak kraftverk]] til Moisund. | ||
Arnt Larsen var aktiv langt utanom kommunegrensa. Saman med [[Olaf Eieland]] frå [[Iveland]] var han drivkrafta i arbeiderrørsla i heile [[Setesdal]]. | Arnt Larsen var aktiv langt utanom kommunegrensa. Saman med [[Olaf Eieland]] frå [[Iveland]] var han drivkrafta i arbeiderrørsla i heile [[Setesdal]]. | ||
| Line 16: | Line 16: | ||
*[[Olav Arne Kleveland]], ''Då arbeiderklassen i Evje blei organisert'', artikkel i Arnstein, 2000, s. 31-34 | *[[Olav Arne Kleveland]], ''Då arbeiderklassen i Evje blei organisert'', artikkel i Arnstein, 2000, s. 31-34 | ||
*Olav Arne Kleveland, ''[[Gjennombrotet for arbeiderrørsla i Evje]]'', hovudoppgåve i historie, utgjeve som hefte av Evje og Hornnes Sogelag, 2006, s. 37 | *Olav Arne Kleveland, ''[[Gjennombrotet for arbeiderrørsla i Evje]]'', hovudoppgåve i historie, utgjeve som hefte av Evje og Hornnes Sogelag, 2006, s. 37 | ||
*[[Olav O. Uleberg]] og Olav Arne Kleveland, ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 62 | *[[Olav O. Uleberg]] og Olav Arne Kleveland, ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band II, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 2003, s. 62 | ||
*Olav O. Uleberg, ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, s. 509-510 | *Olav O. Uleberg, ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, s. 509-510 | ||
| Line 22: | Line 22: | ||
[[Kategori:Fødsler i 1867]] | [[Kategori:Fødsler i 1867]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1926]] | [[Kategori:Dødsfall i 1926]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Døde personer fra Evje og Hornnes kommune]] | ||
[[Kategori:Ordførere i | [[Kategori:Ordførere i Hornnes]] | ||
Siste versjonen frå 18. februar 2017 kl. 15:15
| Arnt Larsen | ||
|---|---|---|
| Født: | 31. mars 1867 | |
| Død: | 17. januar 1926 (58 år) | |
Arnt Larsen (fødd 31. mars 1867 i Hassel i Vesterålen, død 17. januar 1926 i Hornnes) var anleggsarbeider og ein føregangsmann då arbeiderklassen blei organisert i Evje og Hornnes først på 1900-talet. Han var ordførar i Hornnes 1917-1919.
Hausten 1895 kom Arnt Larsen til Kristiansand. Han gjekk til fots oppover til Hornnes. Her fekk han arbeid på Setesdalsbanen, som då var under bygging. Han gifta seg i 1896 med Randi S. Larsen (fødd Strøyman). Dei budde først i Strømstad, som blei skild ut frå garden Strøyman. Seinare budde familien på Moisund, der Larsen døydde i 1926.
Då Setesdalsbanen stod ferdig i 1896, reiste Larsen til Flekkefjord og fekk arbeid på Flekkefjordbanen. Her kasta han seg for alvor inn i kampen for arbeiderrørsla. Han fekk avskil frå banen på grunn av ein artikkel han skreiv i avisa Arbeidsmanden. Hausten 1902 fekk han arbeid på Evje nikkelverk.
Hausten 1902 blei det stifta ei arbeiderforening ved Flåt nikkelgruve og Evje nikkelverk. Larsen blei den første formannen. I februar 1903 kom det til streik ved gruva. Larsen blei då oppsagd.
I 1904 stilte Larsen gjennom Moisund arbeiderlag ei sosialistisk liste til kommunevalet i Hornnes, og lista fekk inn tre representantar i kommunestyret. Han var drivkrafta då Hornnes og Moi arbeiderforeningar blei omdanna til Hornnes arbeiderparti og innmeldt i Det Norske Arbeiderparti frå 1909. Han var første formann og stod i vervet i mange år. Han var med i kommunestyret til han døydde (21 år). I 1911-1913 var han varaordførar, og altså ordførar 1917-1919. Den største saka som vann fram i hans tid som ordførar var straumleidninga frå Langerak kraftverk til Moisund.
Arnt Larsen var aktiv langt utanom kommunegrensa. Saman med Olaf Eieland frå Iveland var han drivkrafta i arbeiderrørsla i heile Setesdal.
Kjelder
- Torgrim Dåsnes, Litt om Arnt Larsen, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2003, s. 46-47
- Olav Arne Kleveland, Då arbeiderklassen i Evje blei organisert, artikkel i Arnstein, 2000, s. 31-34
- Olav Arne Kleveland, Gjennombrotet for arbeiderrørsla i Evje, hovudoppgåve i historie, utgjeve som hefte av Evje og Hornnes Sogelag, 2006, s. 37
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 62
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 509-510