Torgrim Dåsnes

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torgrim Dåsnes
Født: 28. september 1920
Død: 2007 (alder 86–87)

Torgrim (Tim) Dåsnes (fødd 28. september 1920, død 2007) budde i Hornnes. Han var lærar og skulesjef i Evje og Hornnes kommune.

Torgrim tok lærarprøva i 1950. Etter det var han lærar i Sørkedalen. I 1960 vart han tilsett som lærar på Evje skule. I 1961 blei han rektor (skulestyrar) på Evje skule og skuleinspektør i Evje og Hornnes kommune etter Torvald Haavardstad. Tittelen skuleinspektør blei seinare til skulesjef, og Torgrim Dåsnes vart sitjande i stillinga i meir enn 25 år, heilt fram til oppnådd pensjonsalder 31. desember 1987. Rektor på Evje barneskule var han fram til 1972.

Han var ein stor ressurs i det lokalhistoriske arbeidet i Evje og Hornnes. Han var med i skriftstyret i Jol i Setesdal i ni år. Han var ei drivkraft i arbeidet med Arnstein, årsskriftet til Evje og Hornnes Sogelag. Alt lokalhistorisk stoff han hadde samla opp gjennom tida, let han sogelaget få overta då han døydde. Dåsnes var også svært aktiv i tida som pensjonist, mellom anna i Evje og Hornnes pensjonistforening og Evje og Hornnes mållag, i tillegg til arbeidet sitt med Arnstein og Jol i Setesdal.

Torgrim var med i motstandskampen under 2. verdskrigen. Han blei arrestert av tyskerane 7. november 1944 og kom ut frå fengsel på fredsdagen 8. mai 1945. Han var også den første leiaren i Hornnes idrettslag, då laget vart skipa i 1945.

Kjelder[rediger]