Strauman

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Strøyman)
Hopp til navigering Hopp til søk
Strauman 2014.

Strauman (Strøyman, Strømmene) er ein gard (gnr. 23) i Hornnes i Evje og Hornnes kommune, mellom Riksveg 9 og vestbreidda av Otra, sør for Hestvåg og nord for Moisund. Namnet skal visstnok kome av at Otra lagar straumar her. Garden blei mest truleg rydda rundt 1628. Det er mogeleg, før garden vart eigen gard, at området høyrde til Øvre Kjetså - Øvregarden. Frå 1628 til 1691 er han nemd som plass under Hannås, men i alle fall frå 1660-talet med eige skyld.

Første kjende eigar av Strauman var Nils Strømmen. Han var fødd rundt 1614. Far hans, som ein ikkje kjenner namnet til, må då truleg ha vore han som rydda Strauman og sat som husmann der frå 1628.

I 1896 blei bruket Strømstad skild frå Strauman.

Gunnar Strømme og Marie Strømme var dei siste fastbuande på garden, på 1950-talet.

I dag eig Arild Gjeitrem Strauman. Han og kona Heidi Gjeitrem har bygd seg nye hus på eigedomen. Det er ein del fritidsbustader i området.

Kjelder

Eksterne lenker

Reportasje på Moisund.com om brannøvinga som fjerna dei gamle husa i Strøyman