Strømstad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Strømstad er ein liten stad og eit lite småbruk under garden Strøyman i Hornnes. Strømstad ligg på austsida av Riksvei 9, rett etter gokartbanen, når ein kjem køyrande sørover frå Hornnes mot Moisund. Bruket Strømstad blei skild ut frå garden Strøyman i 1896, og fekk bnr. 2.

Arnt Larsen og Randi S. Larsen var dei første som budde på staden. Dei selde bruket til Tellef O. Hillestad i 1915. Rundt 1918 selde han halve eigedomen, den delen som husa stod på (bnr. 2), til Olai Severinsen. Sjølv bygde han seg nye hus på den andre halvdelen av eigedomen, som no fekk namnet Straumsland (bnr. 8).

Eldste son til Tellef Hillestad overtok Straumsland etter far sin, og tok namnet Olav Strømstad. Den eine sonen hans, Oddmund Strømstad, sit med eigedomen i dag. Han og kona Ingveig Strømstad har bygd seg nye hus på eigedomen.

På det opphavelege Strømstad-bruket (bnr. 2) bur det ikkje folk i dag.

Kjelder[rediger]