Hopp til innhald

Kvifjorden

Frå Setesdalswiki
Kvifjorden (Nesjen) sett nordover frå Nesjendammen 2. september 2026.

Kvifjorden er ein innsjø og eit kraftmagasin i kommunane Kvinesdal, Sirdal og Bygland i Agder. Innsjøen er magasin for Solhom kraftverk. Reguleringshøgda er 38 meter. Høgaste regulerte vasstand (HRV) er 715 moh. Lågaste (LRV) er 677 moh. Fjorden er ein del av Kvina-vassdraget.

Magasinet blei danna ved at ei rekke mindre vatn; Nesjen, Badstogflona, Kvifjorden og Kvivatnet, blei demd opp og flaut saman til eitt stort magasin. Kvifjorden var det største av desse. Oppdemminga er utført med ein stor steinfyllingsdam og fire sekundærdammar av varierande storleik. Demningane ligg ved utlaupet av Nesjen, det sørlegaste av dei tidligere vatna. Difor blir magasinet også kalla Nesjen/Kvifjorden eller også berre Nesjen.

Austsida av innsjøen lagar grensa til Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde.

Ved nord-vestre enden av Kvifjorden, i Sirdal, ligg den nedlagte garden Kvinen og Kvinen turiststasjon. På austsida av fjorden, over grensa til Bygland, på garden Hegland sin grunn, ligg den nedlagte husmannsplassen Nedre Kviplassen. Mellom dei som har budd her er Tellef Tarjeison Suleskar. Han var der med familien i åra rett etter 1800.

Kjelder