Mjåvasstøl (Sirdal)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Mjåvasstøl og Mjåvatn. Steinrekka i grasbakken ved bua var fundament for anleggsbrakker under krigen.
Donsen med Taddaksknuten mot høgre. Løypestart mot Kvinen.
Foto: Reidar Tveito
Utsikt nordover frå Taddaksveg
Foto: Reidar Tveito
Trallehjul frå veganlegget ved Haugevassåni
Foto: Reidar Tveito
Oversikt over Kvinen-området
Foto: Reidar Tveito

Mjåvasstøl er ein støyl ved Mjåvatn i Sirdal. DNT Sør har ei turløype mellom Donsen i Sirdal og Kvinen like ved grensa til Bygland. Denne går langs heile Mjåvatn. Ved Mjåvasstøl ligg det ei rekke steinar som var fundament for anleggsbrakker for vegarbeid under krigen.

Riksveg 10

Heilt i frå 1890-åra arbeidde styresmaktene med planar om ein køyreveg mellom Setesdal og Sirdal, som skulle vere ein del av ein indre aust-vest veg i landsdelen, den såkalla Riksveg 10. I 1924 var brua over Kvina ferdig, Kvibru, men etter det stoppa alt opp. Okkupantane tok opp att vegarbeidet under krigen, både frå Langeid og Sirdal. På sirdalsida vart det sett opp brakker ved Haugevassåni og Mjåvasstøl. Framleis ser ein spor etter anlegget sidan turistforeningas løyper langt på veg går der riksveg 10 skulle ha gått. Etter krigen heldt ein fram arbeidet frå Tjørhom og austover forbi Solheim, men i 1954 vart dette anlegget avslutta etter at skjeringa ved Donsen var ferdig. Ein kan køyra hit i dag, der siste biten er ein privat bomveg.

Turløypa forbi Mjåvasstøl

Vegen mellom Tjørhom og Donsen endar i eit større hytteområde. Herifrå går løypa til DNT Sør vidare mot Kvinen. Terrenget er greit, og ein treffer på fleire spor etter det gamle veganlegget undervegs.

Frå hytteområdet ved Donsen er det ei viss stigning opp etter Taddaksveg, som går på nordsida av Taddaksknuten. Dette er eit flott utsiktsområde mot fjellheimen i nord. Turløypa fører forbi Haugevasslega fram til bekken mellom Haugevatn og Litla Haugevatn. I vatnet kan ein sjå trallehjul og skeiner frå anleggstida. Løypa fylgjer nordsida av Mjåvatn, og ein kjem forbi Mjåvasstøl som omgjeve av frodige støylsvollar. Det ligg endå ei hytte i austenden av vatnet, ellers er det få hytter å sjå i denne heia. Straks etter at ein har kryssa under ei overføringsline, så kjem det eit område der det vore nokre stiomleggingar fram mot Kvinen. Ver litt obs her. Hovudløypa går kortaste veg direkte over høgdedraget mot Kvinen turiststasjon. Derifrå er det storslått utsikt over heile området, der ein kan sjå Kvibru i det fjerne. Gangtid Donsen-Kvinen er oppgjeve til 2-3 timar, og lengda rundt 7 km. Frå Kvinen går det merka løyper mot Fidjeland, Salmeli, Josephsbu og Gaukhei.

Kart

Laster kart...

Kjelder

  • Oddvar Tjomlid: Den veglause brua over Kvina, Sirdølen nettavis 26. mars 2002.
  • Samtale med eigaren av Mjåvasstøl.