Kvinen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kvinen er ein veglaus gard (gnr. 20) ved nordre enden av Kvifjorden og ved elva Kvina, i fjellheimen aust for Tjørhom, nord-aust i Sirdal, inn mot grensa til Bygland. Til bilveg ved Donsen er det om lag sju kilometer.
I samband med kraftutbygging i slutten av 1960-åra blei Kvifjorden demt opp, og Kvinen gard blei delvis sett under vatn. Einar Kvinen og kona Gerd Kvinen, som dreiv garden, måtte då flytte frå staden. Dei busette seg i Solheimsdalen.
Turiststasjon
På garden sin grunn ligg Kvinen turiststasjon. Alt i 1901 blei den første turiststasjonen etablert her.
Historie
Den første personen ein sikkert veit har budd med Kvinen er Jørgen Olsen Ousdal. Han var på Kvinen rundt 1742–1743.
Kjelder
- Harald Flå (red.), Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget, 2008, side 54-55
- Per Seland, Sirdal gard og ætt, bind I, utgjeve av Sirdal kommune, 1980, side 624–647