Overgangsveg mellom Bygland og Åseral

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Langeid i bakgrunnen, Otra og litt av Heggland nærast. Opp lia til venstre var det lenge planlagd å byggje veg over heia til Åseral
Her langs Gaukheivatnet var det lenge eit ynskje at vegen skulle gå.
Foto: Reidar Tveito
Raset på Langeid i 1968.
Bru over Logna på tyskervegen mellom Simdalen og Tjønndalen.
Foto: Reidar Tveito
Ånebjør har hatt veg lenge, men vegen frå Setesdal er planlagd å gå utanom denne eigedomen, til høgre for Logna.
Foto: Reidar Tveito

Dette vegynskjet har vore framme sidan 1920, og i tida som har gått så har det nok vore godt over 200 artiklar, reportasjar og debattinnlegg om saka i agderavisene. Berre i Setesdølen har det vore 72 innslag fram til februar 2013. Men nokon veg har det ikkje ennå blitt ut av dette.

Store vegplanar[rediger]

Det har vore mange ulike ynskje om endestadar for denne vegen, og med fleire tilkoplingsvegar. I 1932 meinte styresmaktene i Vest-Agder at av indre vegar i fylket, så var vegen Langeid-Gaukhei-Kviplass-Valevatn (Hunnedalsvegen) det viktigaste å få til. Då ville ein også ha veg over Pytten ned mot Åseral.

Kvibru[rediger]

Verdens eldste bilbru utan bilveg, kalla ei Oslo-avis Kvibru, eller Kvina bru, som kryssar over Kvina. Dette er ei flott kvelvbru sett opp av tilhoggen stein, og ho vart bygd i 1924. Brua skulle vera ein del av den såkalla riksveg 10, ein indre stamveg på tvers av Agder. Ingen bil har køyrt over denne brua, men for sauedrifter og fotturistar er ho nyttig. At Gaukhei turisthytte vart sett opp ved Gaukheivatnet, var ma. fordi ein rekna med at denne lenge planlagde vegen ville gå forbi turisthytta. Nokon riksveg kom aldri hit, men veg kunne det likevel blitt om ein hadde gjennomført planane om regulering av Mons-vassdraget.

Anleggsdrift og ras[rediger]

Under krigen 1940-45 ville okkupasjonsmakta byggja denne lenge planlagde vegen, og sette i gong eit svært anlegg opp lia frå Langeid og innover heia. Dei kom berre til Stakkedalen før det heile stogga opp. Vegen innover heia ligg der ennå som ein traktorveg med bru over Logna. Verre var det med steinsettinga i svingane oppe i Simdalslia. Det var under eit kraftig regnver natt til 4. sept 1968, at delar av tyskervegen rausa ned heile lia og sperra riksvegen. Lufttrykket som fylgde var så kraftig at Hallvard Haugen, som budde nærast, vart hiven rundt i senga. Folk på Langeid hadde venta på at dette skulle hende. Ein del år seinare vart det bygd ein god skogsbilveg frå Langeid og opp til Simdalen.

Turistnæring[rediger]

På slutten av 1960-talet byrja turistnæringa å veksa fram, og overingeniør Hans Aase hadde mange avisinnlegg som tala for veg mellom Åseral kommune og Bygland kommune, men då var det òg andre som heller ville satsa på vidare veg mellom Rosskreppdammen og Evardalen i Brokke. Frå Åknes var det køyreveg fram til fylkes- og kommunegrensa, med privatveg fram til Ånebjør. Ynskjet om vidare veg mot Setesdal vart berre sterkare då Håkonsæter Turisthotell vart bygd og den store hytte- og alpinutbygginga i Bortelid kom i gang. Nå vart det meir tale om veg mot Heggland.

Ulike kostnadsoverslag[rediger]

Den 24. mai 1972 meinte ein at vegen ville koma på heile 5 mill. kr. mellom Langeid og Bortelid, dette pga. vanskelege stigningstilhøve opp frå Langeid. Eit halvt år seinare, den 8. nov. 1972, var eit nytt og rimelegare alternativ aktuelt. Ein meinte det ville kosta 2,5 mill. kr. å få til ein veg mellom Heggland og Ånebjør. Optimistisk meinte ein då at vegen kunne gjerast ferdig på to år om kommunane vart samde om å fremja saka. Men prisane steig og kroneverdien minka, for i mars 2008 kalkulera Vegvesenet med ein kostnad på 214 mill. kr. for veg mellom Skomedal og Åseral. Her var det også ynskjeleg med ein tunnel som då ville fordyra vegen med rundt 50 mill. kr.

Ulike meiningar og vegynskje[rediger]

Det har vore mykje debatt og usemje om ein skulle satsa på Langeid- eller Brokke-lina som sambandsveg aust-vest. Som ein veit, så vart Suleskarvegen til sist realisera. Men ynskjet om veg mellom Bygland og Åseral vart ikkje gløymt av den grunn. Alternativa på setesdalssida har vore Langeid, Heggland, Ose eller Skomedal, som det til sist vart semje om. På åseralsida var det meininga å leggja vegen mot Helleren og Bortelid, utanom Ånebjør etter ynskje frå grunneigar Jebsen. Slik var stoda i mars 2013.

Kjelder[rediger]

  • Sambindingsveier som mangler i Vest-Agder fylke, Fædrelandsvennen, 5. april 1932.
  • Riksveg 10, Fædrelandsvennen, 2. mars 1967.
  • Steinsprang har sperret Setesdalsveien mellom Granheim og Langeid, Fædrelandsvennen, 4. september 1968.
  • Vei Bortelid - Setesdal kommer på 5 mill. kr., Fædrelandsvennen, 24. mai 1972.
  • Gjennomsgangveg Bortelid til Heggland vil koste 2,5 mill., Fædrelandsvennen, 8. november 1972.
  • Agnar Klungland: Bilbru uten bilvei inne i fjellheimen, Fædrelandsvennen, 10. mars 1978.
  • Ørjan Hatteberg: Skal detaljplanlegge veg Åseral - Bygland, Setesdølen nr. 21, 2007, 16 mars.
  • Over 250 mill. for veg frå Åseral til Bygland?, Setesdølen nr. 22, 2008, 18. mars.