Nesland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Nesland før oppdemminga.

Nesland er ein gard (gnr. 10) i Nordbygdi ved Botsvatn i Bykle. Nabogard i aust er Tveiti. Dei gamle Nesland-bruka ligg alle ved sida av kvarandre på nordsida av vatnet, med tilhøyrande utmarksareal både på nord- og sørsida. I tillegg til den utmarka som høyrer bare Nesland til, kjem også eit stort fjell- og heiområde der Nesland-bruka har sameige med Tveiten-bruka. Dette er oppgjeve til å vera på 82.570 mål. I eldre tid var det også mykje sameige og teigblanding Nesland-bruka imellom. Innmarka vart utskift i 1908, utmarka i 1988.

Alle dei fire gamle bruka på Nesland hadde tuna så langt frå stranda at dei ikkje vart neddemde ved reguleringa av Botsvatn. Men dei hadde jorda sine på nedsida av husa, så storparten av den dyrka marka vart borte.

Holen kraftverk ligg på Nesland, ved enden av Nordbygdevegen.

Heimar og bruk

Kjelder

Kart

Laster kart...