Store Urevatn

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit nokså nedtappa Store Urevatn sett frå Smalevasseggi. I bakgrunnen til venstre ser ein Snønuten i Suldal, 1604 moh. Midt på ligg Kaldafjell/Austra Kaldafjell, og til høgre er det Sletteskurven på 1381 moh som ein ser. I den lei skimtar ein også lukehuset for Store Urevatn.

Store Urevatn er eit vatn som ligg i Setesdal Vesthei i Bykle kommune. Vatnet ligg 1141–1175 moh. og er 14,61 km².

Vatnet blei regulert etter konsesjon gjeve i 1949. Dei første reguleringane var ferdige i 1952. I 1987 blei det sett i gang eit nytt byggetrinn, for å sikre vatn til tredje aggregat i Holen kraftstasjon. Då vart også dei gamle dammane frå 1952 rehabiliterte. Siste byggetrinn i Urevatn-utbygginga var i 1998, då ein bygde ny steinfyllingsdam i juvet ned mot Vatnedalsvatn. Etter den utbygginga heng Store Urevatn saman med Lisle Urevatn.

Vatnet har ein bestand av bekkerøye og ørret, dette er fisk som er sett ut etter pålegg, men ein trur at bekkerøyen reproduserer naturleg i vatnet. Det går anleggsveg inn til vatnet. Han er ein open veg, altså ikke bomveg, og brukast mykje av turgåarar og fiskarar. Vegen er stengt om vinteren.

Kjelder

Kart

Laster kart...