Futevegen (Evje)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Futevegen gjennom Evje er ein gamal veg som i eldre tid gjekk frå Evje kyrkje gjennom Flatebygd til Undeland, Mykjåland, Kleveland, Lislevand og derifrå vidare austover gjennom Hovlandsdalen mot Vegusdal. Her gjekk hovudtrafikkåra frå Evje og austover fram til om lag 1840. Namnet kom truleg av at futen for langs denne vegen når han reiste til tings i Hornnes, Ose eller Valle.

Traséen der Futevegen gjekk er ein del av den kulturhistoriske turløypa Allmannavegen.

Nærare om vegtraséen[rediger]

Vegen gjekk over prestegardstunet, over Hasleholtet, langs vestsida av Nordenå, over gardane på Tveit mot Hagebrot og Rabbane over Holun og opp til Flåt. Her gjekk han vidare gjennom Grenneshaugen til Haugan og Austerhus. Frå Austerhus gjekk så vegen vidare over Sandane, forbi Kongevadheia, framom Duesteinen og til Undeland. Han svinga nordom åkrane på Undeland, gjekk vidare på nordsida av Mykjåland, forbi Kleveland og ned Storekleiv til Håtveitåna som han kryssa på bru. Då var vegen ute av Evje sokn og over i Vegusdal.

Sjå også[rediger]

Kjelder[rediger]