Futevegen (Hornnes–Åseral)

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Futevegen (Hornnes))
Hopp til navigering Hopp til søk
Futevegen kryssa Breidåna her rett nord for Egsåvatn. Brua er av nyare dato.
Spor etter den gamle Futevegen ved Vormeli, der også den nye Byvegen kom forbi frå 1830-talet.
Foto: Geir Daasvatn

Futevegen mellom Hornnes og Åseral var ein gamal kløv-, ride- og ferdsleveg frå Faret opp gjennom Dåsvannsdalen til Uleberg og vidare vest over Hova til Egså i Åseral.

Før 1842 gjekk han vidare frå Egså om Flystveit, Mjåvassdalen og Førekleiv til Kyrkjebygd. Etter 1842 gjekk han sørover forbi Handeland og Nesland til Vormeli. Der kom han inn på den nye Byvegen.

Dette var den mest nytta ferdslevegen mellom Åseral og Hornnes i eldre tid. Han skal ha vore offentleg veg til rundt 1880-talet.

Vegen var ein «roteveg». Oppsittarane på Uleberg hadde plikt til å halde vegen oppe om vinteren. På Uleberg var det også tilsett skyss-skaffar som måtte stå til teneste når fut eller skrivar hadde ærend til Åseral.

Ein kan ennå finne spor etter vegen. Store steinheller er lagde ned. Over blautmyrene ligg klopper. Vegen er avmerka på kart, og noko merka i terrenget. Rett nord for Egsåvatn er det skilt som syner startpunktet for vegen frå Åseralsida.

Sjå også

Kjelder

Kart

Laster kart...