Hovlandsdalen
Hovlandsdalen er eit lite dalføre som ligg «på tvers» (aust-vest) i landskapet mellom Lislevatnet heilt aust i Evje og Hornnes kommune og Vågsdalsfjorden i Vegusdal heilt aust i Birkenes kommune, mot grensa til Froland.
Heielandskap
Landskapet på begge sider av dalen er typiske heiestrekningar med mykje snaufjell, myrar, vatn og lite skog. Gjennom Hovlandsdalen renn Hovlandsåna som kjem frå Høvringsvatn heilt nord-aust i Evje og Hornnes og munnar ut i Vågsdalsfjorden. I dalen ligg fleire gardar, mellom anna Lislevand, Øygarden, Myklebostad, Tveit, Ljosland og Hovland i Evje og Hornnes og Skåre, Flateland, Vågsdalen, Breisåsen og Vegusdal i Birkenes.
Fylkesveg 42
Fylkesveg 42 mellom Evje og Arendal går gjennom dalen. Her låg også den siste delen av dette vegsambandet som ennå ikkje hadde fått «gul midtstripe». Men i 2018 starta eit svært arbeid med å utvide vegstrekninga mellom Tveit i Vegusdal og Lislevand i Evje og Hornnes. Arbeidet fortsette i 2019. I november 2019 vart strekninga offisielt opna. Då gjenstod bare å legge eit slitelag med asfalt våren 2020.
Overføring til Evje og Hornnes
Etter innbyggjarinitiativ i 2015 var det søkt om overføring av Hovlandsdalen/«Gamle Nygard krets» frå Birkenes kommune til Evje og Hornnes kommune. Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder traff i mars 2018 vedtak om slik overføring, med verknad frå 1. januar 2019.
Kjelder
- Olav Kristian Nygaard og Jens Vellene, Vegusdal og Vegdølane, kapittel 1 i Vegusdal - Kultursoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 2002, side 7-14
- Om overføring av Hovlandsdalen til Evje og Hornnes på nettsida til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder
- Om vedtak om overføring av Hovlandsdalen fra Birkenes til Evje og Hornnes på nettsida til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder
- Artikkel om overføring av Hovlandsdalen til Evje og Hornnes kommune på heimesida til kommunen