Futevegen (Vegusdal)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Futevegen gjennom Vegusdal var ein del av vegsambandet mellom Evje og Herefoss og vidare til Frolands Verk på 1800-talet og endå lenge før det. Vegen var lenge bare ein rideveg. Han blei rusta opp til slede- og hjulveg i 1840-åra. Det var ei slags planering. Men ellers køyrde folk over snaue berg og trandla myrer. Over bekkane var det bruer.
Administrasjonsveg i Råbyggelaget
Vegen var administrasjonsveg for det gamle futedømet Råbyggelaget.
Turløype
Ei om lag åtte km lang strekning av vegen, frå Vegusdal-garden forbi Breisåsen til Furholt er merka som turløype, og er ein del av den kulturhistoriske løypa Allmannavegen.
Frå Vegusdal-garden kan ein også gå vestover på vegen eit langt stykke mot garden Tveit, på sørsida av Hovlandsåna. Denne strekninga er ikkje merka som turløype.
Kjelder
- Omtale av turløypa på heimesida til Birkenes kommune
- Torfinn Normann Hageland, Stå i stein - Brudled, likkviler, varp og andre steinsetjingar på Agder og i Rogaland, Commentum Forlag, 2013, side 92 flg.