Undeland
Hopp til navigering
Hopp til søk

Undeland.
Foto: Geir Daasvatn
Undeland er ein gard (gnr. 70) på heia aust for Evje i Evje og Hornnes kommune. Ein kjem til garden ved å følge Undelandsvegen ca ein kilometer nordover frå Fylkesveg 42 (Arendalsvegen) aust for Bjorvatn. Nabogard mot vest, mot Evje, er Haugen. I aust ligg Mykjåland.
Historie
Undeland er ein -landgard, og stammar truleg frå folkevandringstida.[1] Garden låg øyde etter Svartedauden, først under Rosseland og seinare under Åmland. Han vart busett att først på 1600-talet.[2]
Kjelder
Kart
Referansar
- ↑ Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 68
- ↑ Oddmund Mogstad, Seterdrift i Evje og Hornnes, Arnstein 2011, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, side 53