Fotballgruppa Otra IL

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Fotballgruppa)
Hopp til: navigasjon, søk
Fotball skaper venskap. Jenter frå Otra og Guayaquil i Ecuador etter venskapskamp på EHbanenEvje 18. juni 2014.

Fotballgruppa i Otra IL har til føremål å legge til rette for og organisere eit fotballtilbod i nærmiljøet (EvjeHornnesByglandsfjord). Gruppa har to hovudmål: Å gje eit godt sportsleg og sosialt aktivitetstilbod til ALLE som har lyst til å spele fotball, og å få flest mogeleg barn og ungdomar i bygda med på fotball – fysisk aktivitet.

Fotballgruppa var ei av dei opprinnelege gruppene då Otra IL blei stifta i 1960. Saman med skigruppa og handballgruppa, er fotballgruppa i dag (2016) ei av dei største gruppene i idrettslaget. Gruppa hadde ca 250 aktive fotballspelarar i 2015. Leiar i gruppa 1991-1995, og igjen frå 2008 er Geir Daasvatn.

Anlegg[rediger]

Hovudanlegget til fotballgruppa er EHbanen, den nye kunstgrasbanen ved Evje stadion frå hausten 2011. Reservebane er grasbanen ved Hornnes stadion. Om vinteren trener laga inne i hallen på Evjetun, i ÅrdalshallenByglandsfjord eller i Otrahallen på Hornnes.

Arrangement[rediger]

Frå 2012 byrja fotballgruppa å arrangere ei åreviss miniturnering for born mellom 8 og 12 år. Turneringa har stadig blitt utvida. Frå 2015 heiter ho Europris Vårcup og vert arrangert i april månad. Europris Evje var hovudsponsor for turneringa i 2015, og har teikna ny avtale for 2016-2017.

Historie[rediger]

Det gode smågutelaget i 1975, som vann alle kampane sine og hadde 60-0 i målforskjell då sesongen var slutt.
Foto: Faksimile Setesdølen

Otra vart krinsmeister i 5. divisjon i 1964 i Vest-Agder Fotballkrets, og igjen i 1967. I 1975 gjorde smågutelaget ein spesiell prestasjon, då laget spelte heile sesongen utan å sleppe inn eit einaste mål (målforskjell 60-0). Fleire av dei same spelarane var med vidare på gutelaget i 1976, som vart krinsmeistar i Gutar B-klassen. I 1977 hadde fotballgruppa eit særs godt gutelag, som vann si avdeling i A-serien. Men i finalen i Sørlandsmeisterskapen (krinsmeisterskapen) blei det tap mot Jerv frå Grimstad. Dette året hadde Otra altså det nest-beste gutelaget på heile Sørlandet.

A-laget hadde ei stordomstid rundt 1980. Først vann laget 6. divisjon og blei krinsmeister i 1979. Etter det vann laget 5. divisjon og vart krinsmeister i 1980, og rykka opp til 4. divisjon. I 1981 vart Otra nr. 6 i 4. divisjon (det som er 3. divisjon i dag), og det er den høgaste plasseringa klubben nokon gong har oppnådd gjennom dei meir enn 50 åra Otra har hatt fotballag. I 1983 var stordomstida over, og Otra rykka ned til 5. divisjon igjen og kort etter til 6. divisjon.

Seinare kom det eit oppsving i 1989, då A-laget igjen vann 6. divisjon, og deretter spelte i 5. divisjon i fleire sesongar. Damelaget vann 4. divisjon i 1999 og blei krinsmeister.

I 2010 vann A-laget 6. divisjon avdeling 3. Men i sluttspillkampar om opprykk til 5. divisjon vart det to tap (Kvinesdal 1-2, Randesund 2 0-9), og laget rykka ikkje opp. I dag (2016) speler A-laget til Otra i 6. divisjon, som er den lågaste divisjonen (nivå 7) i fotballen i Agder Fotballkrets.

Lag[rediger]

Leiarar[rediger]

Sigrid Kallhovd var leiar i fotballgruppa i 2003-2004, og var den første kvinna i leiarvervet.
Foto: Geir Daasvatn

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]