Europris Vårcup

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Evje stadion under Vårcupen 2015.
Turneringsleiar Pål Danielsen.
Foto: Geir Daasvatn

Europris Vårcup er ei åreviss fotballturnering for born 8-12 år på EHbanen ved Evje stadion i Evje. Cupen blir spelt ein laurdag i april månad kvar vår. Han er det største faste enkeltarrangementet til fotballgruppa i Otra IL. Turneringsleiar 2012-2016 var Pål Danielsen. I 2017 leia Geir Daasvatn turneringa.

Cupen blei spelt for første gong i 2012. Då var han ei lita «miniturnering» med 14 lag og 80-100 deltakarar. I 2015 var 74 lag og 700 spelarar med. Frå 2015 gjekk Europris Evje inn som hovudsponsor for turneringa. Det er avtalt at Europris skal vere hovudsponsor også i 2016 og 2017. Otra IL sin hovudsponsor, Evje og Hornnes Sparebank, er også med som ein viktig økonomisk støttespelar.

Cupen var 2012-2016 gratis for laga å vere med på. Frå 20017 var det ei lita påmeldingsavgift på 00 kroner pr. lag.

I 2015 fekk fotballgruppa tildelt 50.000 kroner frå samarbeidsprosjektet Canal Digital Gir tilbake, der Canal Digital saman med Norsk Toppfotball og Norges Fotballforbund gir støtte til utvalde breiddefotballklubbar over heile landet til ulike fotballaktivitetar. Canal Digital sitt ønske var å stø opp under arbeidet fotballgruppa gjer for borna gjennom Vårcupen, og då særleg å bidra til at turneringa fortsatt kunne vere gratis for borna.

Sjå også[rediger]

Kjelder[rediger]