Sigrid Kallhovd
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Sigrid Kallhovd | ||
|---|---|---|
| Født: | 16. september 1966 (59 år) | |
Sigrid Nomeland Kallhovd (fødd 16. september 1966) er konsulent og leiar av ekspedisjonen på Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hornnes. Ho kjem opphaveleg frå Valle. Men ho har busett seg i Hornnes etter at ho var ferdig med skulegongen, og bur saman med ektemannen Torbjørn Kallhovd i Valhall.
Sigrid Kallhovd har vore sterkt engasjert i frivillig arbeid heile sitt vaksne liv. Ho var leiar i fotballgruppa i Otra IL i 2003-2004, og var den første kvinnelege leiaren av gruppa. Etter dette engasjerte ho seg sterkt i arbeid i handballgruppa. I 2009 var ho sjef for kafedrifta under Landsskytterstevnet 2009, eit kjempesvært arbeid som var eit felles dugnadsprosjekt mellom fotballgruppa og handballgruppa.