Europris Evje

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Europris på Verksmoen.
Butikksjef Leif Jørgen Versland 12. januar 2018.

Europris Evje er ei forretning på Verksmoen i Evje. Butikken var kjeden sin 191. butikk då han vart opna 30. juni 2011. Ved opninga hadde butikken seks tilsette, det var 50 som søkte på jobbane. Butikksjef er Leif Jørgen Versland. Det var ordførar Bjørn A. Ropstad som klypte snora og slepte inn dei hundre kundene som stod i kø utanfor butikken. Siste kvarteret var Kjell Elvis engasjert for å underhalde dei ventande kundene.

Etter opninga i 2011 har omsetninga i butikken auka kraftig. I 2015 hadde verksemda 15-16 tilsette, og omsette for 30 millionar kroner.

I juni 2015 skjedde det ei større ombygging av butikken innvendig, kostnadsrekna til 1 million kroner. Torsdag 2. juli 2015 var det stor opningsfest for «Nye» Europris.

I mars 2017 blei Europris Evje kåra til Årets Europris-butikk i 2016 i Norge.

Kjelder[rediger]