Kjell Hansen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjell Hansen
Kjell Hansen 17. mai 2016.
Født: 25. mai 1963 (62 år)

Kjell Hansen (fødd 25. mai 1963) var rektor ved Evje ungdomsskule 2003–2025. Frp 1. august 2025 er han avdelingsleiar for vaksenopplæringa i Evje og Hornnes kommune.

Kjell bur i Oddeskogen i Evje. Han var tidlegare bilmekanikar, og arbeidde hos Gumpen Auto i Kristiansand og hos Setesdal Bilruter. Seinare omskulerte han seg til lærar. Han arbeidde som lærar både i Åseral og på Evje før han vart rektor ved Evje ungdomsskule i 2003.

Kjell var leiar i fotballgruppa i Otra IL i 2000. Han er ein ivrig militærbilentusiast og har spelt i fleire musikkband. Han er kjend for musikalske tolkingar av Bob Dylan.

Kjelder