Torbjørn G. Haugen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torbjørn G. Haugen
Født: 22. april 1927
Død: 27. mars 2012 (84 år)


Torbjørn Haugen med travhesten ved Haugenloftet i 1979.
Torbjørn Haugen slår gras med hest i 1980.
Torbjørn Haugen med hesten Syljar og slåmaskin i 1980 (Bygland gard og ætt, bind V, s. 488).


Torbjørn G. Haugen (fødd 22. april 1927, død 27. mars 2012) hadde gardsbruket Nedre Haugen, bnr. 6, i Søndre Haugen i Åraksbø. Han var ikkje gift og etterlet seg svigerinner, nieser, nevøar og annan familie. Gravferda var frå Sandnes kyrkje, Åraksbø, tysdag 3. april 2012 klokka 12. Etter gravferda var det minnesamvær på Vonheim bedehus.

Torbjørn dreiv gardsbruket og skogen. Han var mykje i skogen i Årdalen og hadde heimestøylen Storestøyl. I tillegg til heimegarden eigde han Gausemarki, Søndre Haugen bnr. 4, Gauseskogen og Søndre Haugen bnr. 5. Lokalkunnskapen hans var til stor nytte i arbeidet med binda om Åraksbø i Bygland gard og ætt. Ved sida av lokalhistorie, var hestar og tråvsport den store interessa. Han var eit svært aktivt medlem i Setesdal Tråvlag, var nestleiar i mange år og blei utnemnt til æresmedlem i laget.

Torbjørn var ugift. Foreldra hans var Gunnulv Torbjørnson Haugen (f. 1891, d. 1954) og Signe Kjetilsdotter Haugen (f. Borgi 1897, d. 1981). Bestefaren var den kjende skoghandlaren Torbjørn Gunnulvsen Haugen (f. 1851, d. 1933).

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]