Fylkesveg 3804
(Omdirigert frå Fylkesveg 323)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Vegen nord for Heddeneset tunnel. Mot sør ligg Skorsfjell til venstre, Geitryggen / Frøysnes til høyre og Sundsfjell / Åraksbø beint fram
Siri Johannessen (2011)
Fylkesveg 3804 (tidlegare Fylkesveg 323) går mellom Urdviki i sør og Ose i nord. Vegen går på austsida av Åraksfjorden og er 15,3 km lang. Heile vegen ligg i Bygland kommune. Nasjonal Sykkelrute nr. 3 fylgjer vegen.
- Vegen tek av frå Riksveg 9 ved Urdviki like før Storestraumen bru.
- Han passerer Sandnes, der det er avkjøring til Sandnes kapell.
- Deretter kjem den til Åraksbø. Vegen som går nede ved fjorden, var ferdig i 1979,[1] og det er ei avkjøring i sør og ei i nord.
- Etter Åraksbø kjem ein til Heddeneset tunnel.
- Like før Ose, på Austadneset, er det sideveg, fylkesveg 3806 til Heistad.
- Etter Austadneset går vegen over Ose bru og over på vestisda av Otra, der den igjen møter Riksveg 9.
Kart
Referansar
- ↑ Bygland gard og ætt bind V side 30