Første traktoren i Åraksbø

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Torgrim Eldhuset høyar med Bucher i 1965. Nordgarden bnr. 2 i bakgrunnen.
Olav G. Nordgarden køyrer Fordson Super Dexta i 1979.
Knut Eldhuset slår grøn kornåker med Grom Basen i 1972.

Hallvard Eldhuset var den første som kjøpte traktor i Åraksbø. I 1956 kjøpte han Bucher tohjulstraktor og ei stund etter kardang. Han køyrde frå Gausebakken til Storestøyl på den gamle hestevegen før Storestøylvegen kom i 1965.

Olav G. Nordgarden (1933) kjøpte ein Fordson Super Dexta i 1964 som var den første firehjulstraktoren i Åraksbø. Da kosta den 16000 kr.

I 1972 kjøpte Hallvard Eldhuset ein firehjulstrekt og midjestyrt traktor med namnet Grom Basen, norskprodusert med einsylindra sveitsisk dieselmotor og tysk girkasse. Sjølve traktoren kosta 28000 kr og slåmaskinet kosta 2500 kr. Den kunne bruke same reidskapar som ein vanleg firehjulstraktor og sat som ein klegg i dei bratte «veddin» i Åraksbø. Det blei også kjøpt plog, fjørhorv, vinsj og lunnepanne.

Knut Eldhuset tok til å slå med Grom Basen som 13-åring på bnr. 5, og det tok ikkje lang tid før han tok på seg å slå for bøndene rundt i heile bygda.

Kjelder

Eksterne lenker