Paal Vollen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Paal Vollen
Født: 19. juni 1921
Død: 2008 (alder 86–87)

Paal Vollen (1921-2008) var journalist og diktar. Han budde på Jordalsbø i Bygland kommune. Han var journalist i Agder Tidend og Setesdølen, der vikarierte han og som redaktør. Elles var han lausmedarbeidar både i Fædrelandsvennen og NRK. Han dreiv og med honningproduksjon. I seinare år var han mest kjent for sine mange små dikt under signaturen P.V. som kom på trykk både i Fædrelandsvennen og Setesdølen.

I ungdommen var Paal formann i Bygland frilynde ungdomslag. Han gjekk tre kurs på landbruksskulen, og medan han var aktiv i elevlaget der, tok han til å skrive. Han var og aktiv i idrett, særleg i hopp, og han var styremedlem i idrettslaget Reinen. Under andre verdskrigen låg han på støylen Turteli med 50 kyr som han gjætte, mjølka, ysta og kinna.

Han testamenterte 200.000 kroner til eit fond for å stimulere ungdom til å prøve seg som nynorskskrivande journalistar.

Tekstar i Jol i Setesdal[rediger]

  • Vandringsmannen og jolekvelden (62)
  • Mannen på fjellgarden (63)
  • Setesdalsstemna (65)
  • Då karjolen var statussymbol (76)
  • Kapell ved Austad garnle kyrkjegard (78)
  • Setesdalsstemna (66)
  • Kyrkja og jolehøgtida (67)
  • Då karane i Setesdal gjekk i raud stakk (67)
  • Ei bok om sermerkte menneske (67)
  • Ein messesundag i Sandnes kyrkje (68)
  • Spelemenn í Setesdal (72)
  • Setesdølen Knut Bø sin siste julekveld (72)
  • Hornmusíkken i Bygland spelar jola inn (73)
  • Bygland kyrkje i Amerika er 100 (74)
  • Kornbandet og oskoreii (74)
  • Setesdalsstemna i Bygland (78)
  • Midtsommar lydde der jolesongar utover Bygland Tun (79)
  • Setesdalsstemna 1980 (80)
  • Setesdalsstemna, sommaren sitt finaste eventyr (81)
  • Barnedâp (82)
  • Setesdalsstemna 1982, den beste som har vore (82)
  • Slåttonn og høystakksetting pá Bygland tun (84)
  • Krossen í Bygland for hundre sidan med mønsterhage og møtestad for kjempekarar (85)
  • Sommaren 1923 budde diktaren Knut Hamsun på Hornnes (86)
  • Tussetre (90)
  • Med Oberst Gregersen í Setesdal for 90 sídan (93)
  • Den hjelpsame smeden (94)
  • Levande ljos (96)
  • Joleband (96)

Dikt av Paal Vollen[rediger]

Kjelder[rediger]

  • Johs. Bjørkeli: «Minneord Paal Vollen (1921-2008)»
  • «Testamenterte 200.000 kr. til unge nynorskjournalistar». Artikkel i Setesdølen fredag 21. november 2008
  • J....s.: «Medarbeideren vår i Bygland». Artikkel i Fædrelandsvennens jubileumsavis 75 år mandag 3. juli 1950
  • «Paal Vollen i Jordalsbø held på tradisjonane: Med 75 år gamal jolepynt» (Setesdølen)
  • Sigurd Haugsgjerd: «P.V. si siste ferd». (Setesdølen)
  • Lista over tekstar frå Jol i Setesdal er henta frå Setesdalsmuseet si oversikt

Eksterne lenker[rediger]