Haugetveit

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Haugetveit 15. mai 2016.
Nydyrkingsfelt på Haugetveit 29. juni 2017.
Foto: Geir Daasvatn

Haugetveit er ein gard (gnr. 23) på heia aust for Åraksbø i Bygland. Gardstunet ligg ca. 525 moh. Lidtveit er næraste nabo, om lag ein kilometer mot vest. Frå bygda opp til garden er det drygt fire kilometer. Garden har eit areal på ca. 6 000 dekar.

Frå enden av bygdevegen til Haugetveit fortset Årdalsvegen ti kilometer austover til Årdalen.

Eigar av garden frå årsskiftet 2016/2017 er Olav Haugetveit (f. 1986). Han overtok då garden etter foreldra Knut Å. Haugetveit og Berit Haugetveit. Olav har i 2017 sett i verk eit stort arbeid med nydyrking av ca. 100 mål og bygging av nytt fjos til rundt sju millionar kroner. Han satsar på mjølkeproduksjon.

Historie[rediger]

Ein gong langt tilbake i tid, truleg i mellomalderen, blei Haugetveit delt. Bonden på Søndre Sandnes fekk ein del som var kalla Nordre Haugetveit, i dag Ekron. Ekron har eit areal på 12 000 dekar, og høyrer i matrikkelen inn under Søndre Sandnes (gnr. 33).

Bygdevegen fram til Haugetveit var ferdig i 1918. Elektrisk lys kom i 1940, og telefon i 1948.

Frå andre del av 1600-talet til i dag er det same ætta som har site på garden.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...