Valle Radio

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Valle Radio er lokalradio for Valle kommune. Den vart etablert i 1997 og hadde til å begynne med rom i 3. etasje på det gamle kommunehuset i Valle. Men då Setesdalstunet vart bygd, fekk radioen plass i etasjen over Trygdekontoret. Der har han vore sidan.

Dei fyrste åra var Hallvard Kjelleberg leiar av radioen. Då han døydde, overtok Theis Salvesen. Då han flytta frå Valle kommune, vart Harald Haugland vald til leiar, og då han gav seg etter to år, overtok Ørnulf Hasla som styreleiar.

Sending

Valle Radio sender tysdags- og onsdagskveldane over sendernettet til Bykle Radio og dekkjer Valle kommune og Bykle kommune. Sendingane startar normalt klokka 18:00. Radioen har sommarferie frå 1. juni til september.

Tysdagar

Tysdagane er Harald Haugland ansvarleg for ei sending som i stor grad har kristeleg preg. Mykje av stoffet hentar han frå Norea Mediemisjon.

Onsdagar

Onsdagane er det bygderadio med nytt frå næringsliv og folkeliv, kommunen informerer, andakt og open sending. Ansvaret for desse sendingane er delt mellom fleire programleiarar.

Medarbeidarar

Programleiarar

Bjørgulv T. Berg, Ørnulf Hasla, Harald Haugland, Britta Lise Homme, Øyvind Jacob, Ronny Stavsholt. I tillegg kjem programleiarar for Open sening og påskesendingane: Helge Dahle, Jorunn Lund Harstad og Rolf Erik Homme.

Teknikarar

Inga Flateland, Torleif Haugen, Harald Haugland, Jørund Georg Jore, Torhild Sandnes, Marcel Tiedje.

Telefonvakter

Jorunn Lund Harstad, Ingebjørg Haugen, Jorunn Helle, Bjørg Ragnhild Trydal Jansen, Gudrun Nomeland, Anna Rysstad, Ingunn Uppstad.

Blogg

Harald Haugland skriv ein blogg basert på programma i Valle Radio, Valle Radios blogg. Bloggen har hatt over 400.000 besøk frå vi starta i oktober 2005.

Eksterne lenker